Hopp til innhold

Brei støtte i Oslo til dei strengare korona-reglane i hovudstaden

Medan byrådet fryktar at fleire tiltak vil gjere folk leie av reglane, viser ei ny undersøking at Oslo-folk ikkje meiner koronatiltaka i byen er for strenge.

Dame med mørkt hår tar på seg et munnbind.

Det er påbode å bruke munnbind i kollektivtransporten viss ein ikkje klarer å halde avstand i Oslo.

Foto: Sara Høines / NRK

– Det er avgjerande at tiltaka våre er mest mogleg føreseielege, konsekvente og enkle for folk å følgje, sa byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) på ein pressekonferanse på torsdag.

Der fortalde han at dei nåverande tiltaka i Oslo blir vidareført.

Johansen fryktar at strengare tiltak vil gjere at folk i Oslo blir trøytte av tiltaka.

Ei ny undersøking viser derimot at dei fleste innbyggjarane ikkje er leie av tiltaka i byen.

Raymond Johansen

Tiltakstrøyttleiken aukar, hevdar byrådsleiar Raymond Johansen.

Foto: Anders Fehn / NRK

Oslo-folk: Ikkje for strenge tiltak

Opinion har spurt 2000 innbyggjarar i Oslo om deira syn på koronatiltaka.

Tal frå undersøkinga viser følgande:

  • 72 prosent meiner ikkje at retningslinjene styresmaktene har innført for å avgrense koronasmitte er for strenge. Det er omtrent same tal som i resten av landet (71 prosent).
  • 61 prosent meiner at påkjenninga av tiltaka ikkje har vore for stor. Her skil dei seg noko frå resten av landet (57 prosent).
  • Oslo-folk er spesielt positive til munnbind og registrering på serveringsstader.

Oslo-folk er likevel mindre fornøgde med kommunen sin enn folk i resten av landet.

På landsbasis seier 69 prosent at dei er fornøgde med korleis kommunen deira har handtert koronasituasjonen i haust. I Oslo er berre 58 prosent fornøgd.

Dei siste 14 dagane har det vore 662 smittetilfelle i Oslo. Torsdag sa byrådsleiaren at situasjonen er alvorleg.

Folk med og uten munnbind på T-banen i Oslo.

Munnbind og registrering på serveringsstader har vorte godt mottekne av Oslos innbyggjarar, ifølgje Opinion sin undersøking.

Foto: Anders Fehn / NRK

Trur folk er fornuftige

Ute i regnet på Torshov denne laurdagen er dei NRK treffer einige med deltakarane i undersøkinga.

– Eg synest vi må gjere det som må til for å redusere smitta. Det påverkar jo liva våre, sjølvsagt, men det er ikkje så ille at vi ikkje kan leve med det, seier Erland Often Sveen.

Erland Often Sveen

Erland Often Sveen sine to barn er i karantene på grunn av smitte i barnehagen.

Foto: Andreas de Brito Jonassen / NRK

Tobarnsfaren er nøgd med at byrådet no har innført fleire påbod, ikkje berre anbefalingar.

Jarle Svardal seier den breie støtta til smittevernreglane i Oslo er som forventa.

– Vi er i ein spesiell situasjon og då trur eg folk er så fornuftige at dei skjønar at det er lurt i ein periode for å kome gjennom denne pandemien.

Eugenie Husebye er pensjonert sjukepleiar. Ho trur det vil vere vanskeleg å innføre enda strengare reglar.

– Eg trur det er viktigare å appellere til alle om å følgje reglane som er innført. Det prøver jo styresmakta så godt dei kan, men det verkar som mange gir litt blaffen.

Eugenie Husebye og Jarle Svardal

Eugenie Husebye og Jarle Svardal er fornøgde med reglane i Oslo, men meiner at mange er for dårlege til å følgje dei.

Foto: Andreas de Brito Jonassen / NRK

Oslo kommune: Mange er leie

Sjølv om dei aller fleste er flinke til å følgje reglane, meiner Oslo kommune at folk ikkje er like flinke som i vår.

Kommunikasjonssjef Hanne Gjørtz fortel at kommunen får mange positive tilbakemeldingar om tiltaka.

– Dei fleste støttar tiltaka, nokon meiner vi skulle hatt strengare tiltak, men det er òg mange som gir uttrykk for at dei er leie av situasjonen. Det var dette byrådsleiaren snakka om i innlegget sitt, skriv Gjørtz i ein e-post.

Ho påpeikar at kommunen ikkje har gjort eigne undersøkingar.

Meiner byrådsleiaren har gått lenger enn regjeringa

Karl-Fredrik Tangen er førstelektor ved Høgskulen Kristiania og PR-ekspert.

Han meiner at sjølv om Raymond Johansen ikkje har ønskt å innføre nye tiltak, så har han gått lenger enn helsestyresmaktene og regjeringa i enkeltsaker.

– Det verkar som at Oslo har vore villige til å innføre strengare tiltak enn regjeringa, som til dømes rundt julebord, seier Tangen til NRK.

Karl-Fredrik Tangen

Karl-Fredrik Tangen er førstelektor og PR-ekspert.

Foto: Høyskolen Kristiania

– Ein leiarfigur

Statsminister Erna Solberg (H) har oppmoda bedrifter til å halde julebord for sine tilsette.

Johansen ber derimot Oslo-folk om å droppe både julebord og halloween-feiring i år, og generelt å ha så lite sosial kontakt som mogleg i tida framover.

Tangen meiner byrådsleiaren sjonglerer ein del ulike interesser som partipolitikar og som leiar med ansvar for byen.

PR-eksperten seier likevel at byrådsleiaren har verka som ein leiarfigur dei siste vekene.

– Han klarar å lage litt konflikt mellom Høgre som styrer landet og Arbeidarpartiet som styrer byen. Samtidig som det verkar som at han tek ansvar, seier Tangen.

Han seier det er skummelt for Johansen å gå ut mot helsestyresmaktene og regjeringa i ein slik situasjon.

Byrådsleiaren har likevel klart å balansere det, meiner Tangen.

– Så lenge det verkar som at ein har realisme i dei tiltaka som blir gjorde, så trur eg innbyggjarane vil ha ei forståing for reglane som blir innført, held han fram.