Hopp til innhold

Snøen kan bli til ei dødsfelle

Mange har måtta fjerne snø frå hyttetaka sine i det siste. No ber brannvesenet folk om å også grave fram nødutgangar.

– Her er det så mykje snø, og det kan føyke att om natta. Før du legg deg, eller når du kjem til hytta, så må du ta ein titt ute.

Det seier Johan Fegri. Han er drift og eigedomssjef i Den Norske Turistforeininga. Han står utanfor Høgevardehytta i Krødsherad som ligg nesten 1500 meter over havet. Her har fleire dører og vindauge snødd att.

Nedsnødd vindu på Høgevardehytta

På fjellet kan vindauga fort føyke att i løpet av natta.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Kan bli fatalt

Brannvesenet i Hallingdal har ansvaret for nesten 20.000 hytter i sitt område. Dei oppmodar alle som kjem på hytta til å tenkje over at dei må make meir enn berre inngangsdøra og taket.

Ingar Danielsen, Hallingdal brann og redningsteneste

Ingar Danielsen er leiar for førebyggjande avdeling hos Hallingdal brann og redningsteneste IKS

Foto: Privat

– Stengde rømmingsvegar er det siste ein vil ha, uansett bygg. Det kan bli ganske fatalt, seier Ingar Danielsen, leiar for førebyggjande avdeling i Hallingdal brann og redningsteneste.

– I verste fall, viss ein ikkje kjem seg ut nokon plass og brannen får utvikle seg, så kan det bli veldig dramatisk.

Han oppmodar folk til å grave fram eit vindauge i tillegg til døra. Vindauget må også kunne slåast ut i full stilling.

Han fortel at det spesielle i år er at det sidan jul har kome mykje snø på kort tid.

Snø utenfor hytte, etter måking av tak

Etter at taket er maka må du make framfor vindauge og dører på nytt.

Foto: Geir Åstorp / Privat

– Når folk kjem på hytta så tenkjer dei «oi her har det komme mykje snø». Så må dei ta stilling til det der og då. Det er ein stor jobb, seier Danielsen.

Då kan det vere freistande å slurve med snøryddinga.

– Det er ein dobbel jobb. Etter å ha vore på taket må du rydde framfor døra igjen. Ho må kunne slå godt ut. Hugs at det er fleire som kanskje skal rømme samtidig.

Vindu innenfra, mye snø ute

Det er viktig at snøen er unna vindauga slik at ein kan slå dei ut i tilfelle ein treng å rømme.

Foto: Geir Åstorp / Privat

Tenkjer du på nødutgangar når du er på ei hytte?

Nei, det tenkjer eg ikkje på! 36%

Ja, eg orienterer meg alltid om kvar dei er! 64%

Avstemningen er lukket. 2321 stemmer totalt

Grav deg fram

Johan Fegri viser korleis ein skal grave fram vindauge og dører før ein legg seg til å sove i hytta.

– Her inne er det eit soverom, og viss det skal skje noko inne i stova, så ser de at her er det ikkje mogleg å komme ut.

Han fortel at mange av dei som besøkjer dei sjølvbetente hyttene gløymer at det ikkje er nok å berre grave fram inngangsdøra.

Må grave varsamt

Men det er ikkje berre å setje i gang med spaden i nærleiken av eit glasvindauge, då kan det fort bli skadar.

– Det første vi gjer er å make litt godt eit stykke på utsida av vindauget slik at ein får god plass.

Måker fram vindu på Høgevarde

Start med å grave bort snøen eit godt stykke unna vindauget.

Spade måker fram et vindu ved Høgevardehytta

Når du nærmar deg vindauget må du vere forsiktig. Vend spaden nedover når du grev vidare. Men hald framleis god avstand til vindauget.

Graver fram vindu på hytte

Den siste snøen som er igjen tar du vekk med hendene. Det er mest skånsamt for vindauget.