Sprang og banka på dører under storbrann

– Ting kunne gått så mykje verre, seier Lars Jæger (28), etter at han og 90 andre vart evakuert, då det byrja å brenne i parkeringsgarasjen deira sundag kveld.

Lars Jæger var ein av dei som måtte sleppe alt han hadde i henda, då brannalarmen gjekk.

Lars Jæger var ein av dei som måtte sleppe alt han hadde i henda, då brannalarmen gjekk.

Foto: Ellie Karin Moen / NRK

I sju- halv åttetida sundag kveld måtte Lars Jæger la fatet med fiskepinnane og risen stå, då brannalarmen gjekk i blokka han bur i Kongsberg sentrum.

– Eg trudde fyrst at det var ei brannøving, så eg tok berre på meg ei jakke og tråkka ned i støvlane, seier 28-åringen.

Det skulle diverre ikkje vise seg at det var ei brannøving. Då Lars og fleire av bebuarane kom seg ut, kunne dei sjå røyk frå porten til parkeringsgarasja, samt både brannbilar, politi og ambulansar som var på veg.

– Fleire av oss sprang opp att og banka på dører, for å forsikra oss om at ikkje nokre hadde blitt igjen inne, i tilfelle dei trudde det berre var falsk alarm.

Totalt vart 90 personar evakuerte frå dei to blokkene i Kongsberg, og sendt vidare til å bu hos pårørande eller på eit av hotella i byen.

brann Kongsberg

Brannvesenet rykket ut til storbrannen med alt tilgjengeleg mannskap.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Ute av kontroll

Parkeringsbygget som tok fyr, er på 1000 kvadratmeter og ligg under både fleire bustader, kontor og eit kjøpesenter.

30 brannfolk jobba og sleit i fleire timar med å få kontroll på flammane og røyken. På grunn av at varmen og røykutviklinga var veldig intens, kunne ikkje brannmannskapet gå inn i bygget for å sløkke.

Ein var og redd for at delar av bygget kunne rase ned fordi betongen vart veldig varm.

Les meir: Brannen i boligblokk i Kongsberg slukket

Stod midt i kveldsmaten

Inne på hotellet, nokre hundre meter unna, sit Lars Jæger saman med romkameraten sin Thomas Velde (23) og naboen sin Arlene Grace (40).

Dei bur alle i den blokka som vart hardast ramma av brannen i parkeringsanlegget, og er nok blant dei som må vente lengst før dei får flytte inn igjen i bustadene sine. Då alarmen gjekk sundagskveld var få av dei førebudd på at dei skulle sitte der utan nokre av eigendelane sine dagen deretter.

Arlene Grace måtte finne ut korleis ho skulle få sonen på skulen i dag.

Arlene Grace måtte finne ut korleis ho skulle få sonen på skulen i dag.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

– Eg stod på kjøkenet og lagde pannekaker til kveldsmat til sonen min, seier Arlene.

Ho og den sju år gamle sonen sin, kom seg trygt ut av leilegheita og blokka, men opplevde det heile som skremmande.

– Sonen min gjentok det fleire gongar at han synest alt var skummelt, og at han lurte på kva som kom til å skje vidare. Eg visste ikkje så mykje meir enn han på det punktet, men heldigvis kom politiet og nødetatar og fekk innlosjert oss alle på hotellet.

Trass i ein litt skummel sundagskveld var det to ting den sju år gamle guten hang seg veldig opp i, ifølge mora.

– Fyrst lurte han veldig på kva me skulle gjera med pannekakene som han skulle hatt til kveldsmat, og så kom han på at han hadde skule i dag og alt han skulle fortelje til skulekameratane om det som hadde skjedd, ler Grace frå sofaen ho sit i.

Takkar naudetatane

Lars Jæger og romkameraten, Thomas Velde, opplevde og kvelden som skremmande, men takkar naudetatane og hotellet for måten alt vart handtert.

Ingen hadde fått henta nokre eigendelar då NRK snakka med dei.

Ingen hadde fått henta nokre eigendelar då NRK snakka med dei.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

– Me er så glade for at det ikkje spreidde seg. Brannfolka gjorde ein formidabel jobb med å stoppe brannen. Det er ikkje berre berre i slike parkeringshus der alt er lukka og det blir ekstremt varmt, seier Jæger.

Han poengterer at både brannfolka, politiet og ambulansemedarbeidarane reagerte lynkjapt.

– Det skal og nemnast at me er utruleg glade for at ingen liv gjekk tapt, og at alt som kanskje er skadd berre er materielle eigendelar, stemmer Velde i.

Etter det som har vore ei skremmande og tøff natt for mange i Kongsberg, ser det ut til at fleire av bebuarane klarer å samlast for å snakka og le.

– Hadde eg visst at det ikkje var ei øving, så hadde eg ikkje sete her i joggebukse, genser, støvlar og ein bart eg helst skulle vore forutan, kjem det plutseleg frå Jæger i sofaen.