Hopp til innhold

Straumbrot i Oslo: Feilen er funnen

Søndag ettermiddag var på det meste 40.000 husstandar utan straum i Oslo og Nordre Follo kommune. Årsaka var ifølge Elvia ei kortslutning i ein trafostasjon. Feilen er no funnen, og alle har fått straumen tilbake.

Brannmannskap og politi ved trafostasjon i Oslo

Tusenvis av husstandar på Bøler, Prinsdalen og Holmlia, samt deler av Nordre Follo kommune, er utan straum etter ein brann i ein trafostasjon.

Foto: Tipser

Klokka 16.23 melder politiet at Elvia har funne feilen. Kort tid etterpå har alle fått straumen tilbake.

– Inne i Prinsdalen stasjon hadde det vi kalla ein spenningstransformator kortslutta. Det medførte røykutvikling og varme. Den har vi no fått kopla vekk, og alle har fått straumen tilbake, seier kommunikasjonssjef Morten Schau i Elvia.

På det meste var 40.000 husstandar utan straum i området Bøler, Prinsdal og Holmlia, i tillegg til deler av Nordre Follo kommune.

– Det er syd i Oslo, frå Bøler og sørover, der vi har eit stort straumbrot. Vi har fått melding om brann i ein transformatorstasjon, seier Schau.

Både brannvesenet og politiet rykka ut til Øvre Prinsdals veg, der brannen i trafostasjonen skal ha vore.

Like før klokka 16 viste Elvia sine nettsider at omkring 6.000 var utan straum.

– Dei fleste fekk straumen tilbake innan ein halvtime, seier Schau.

Når slik som dette skjer kan Elvia kople husstandane til andre veger. Det fekk dei gjort på dei fleste, bortsett frå dei som bur nærmast trafostasjonen, som måtte vente litt lenger.

Det er straumbrot i desse bydelane i Oslo.

Renate Bakkeslett Hagen bur på Søndre Nordstrand i Oslo. Ho fortel at straumen forsvann rundt klokka 15 søndag.

– Då forsvann straumen i heile området her. Eg har ikkje snakka med naboane, eg har berre sett at alt av straum og nett er borte, seier Hagen.

Sperringar fjerna

Politiet bad i ettermiddag dei som bur i nærleiken av trafostasjonen om å halde seg inne.

Klokka 16.30 oppheva dei alle sperringane og avgrensingane.

– Det har vi gjort av sikkerheitsmessige grunner, da Elvia ønska at det skulle vere opp til 50 meter sikkerheitsavstand, seier Sven Christian Lie, operasjonsleiar i oslopolitiet.

Brannvesenet forklarar at det går store mengder straum inn og ut av trafostasjonen.

– Det går store mengder straum inn og ut av trafostasjonen. Det er det som er litt vanskeleg med straum, at vi ikkje veit kva som kan skje. Får vi ei stor kortslutning kan det bli ein liten eksplosjon, seier Rune Elstad, vaktkommandør i brannvesenet.

Nødetater ved trafostasjon i Oslo

Både politiet, brannvesenet og mannskap frå Elvia er på plass ved trafostasjonen i Prinsdal.

Foto: Tipser

Elstad forklarar at dei enda ikkje kan konstatere at det har vore brann i trafostasjonen.

– Det lukta veldig brent i området, så det er nok noko som har skjedd i trafoen. Dette er eit stort bygg, så om det har vore opne flammar inne i bygget er vi litt usikre på, seier han.

Brannvesenet opplyste at det var ein del røyk inne i transformatorstasjonen.