Hopp til innhold

Køyr sakte-aksjon i Drammen og demonstrasjonar i fleire byar

I Drammen har ein køyr sakte-aksjon i protest mot bomringen i byen skapt kaos i sentrum. Det er òg bompengeaksjonar i Fredrikstad og Kristiansand i kveld.

Kjøyr sakte aksjon i Drammen

Aksjonistane køyrer så sakte at det vert luker, og køane er enda lengre enn vanleg i rushtida.

Foto: Anders Nielsen / NRK

Frustrerte bilistar over heile landet blir inspirert av aksjonane i Stavanger-området.

– Me må jo gjere noko. Dei (politikarane) vil jo ikkje høyre på oss når me snakkar til dei.

Anders Lunde leia dagens store køyr sakte-aksjon i Drammen. Han er ein av mange irriterte og frustrerte bilistar som ikkje har gjeve opp.

Lammer rushtrafikken

– Me skjønte me var nøydd til å auke innsatsen. Så dagens aksjon er å heve nivået. Det skal ikkje vere farleg, men det blir nok plagsamt. Elles får me ikkje merksemd, sa Lunde i forkant av aksjonen.

Trafikken i Drammen sentrum går sakte uansett i rushtida, og spørsmålet har vore om bilistane vil merke den. Men aksjonistane har laga mykje støy og køyrt så sakte at trafikken fortsatt står heilt stille.

Politiet har fått mange meldingar frå sinte og frustrerte trafikantar.

Aksjonsleiar Anders Lunde gjer tommel opp for aksjoen

Aksjonsleiar Anders Lunde gjer tommel opp til dei som tar del i aksjonen.

Foto: ERLEND DALHAUG DAAE / NRK

. Aksjonane har spreidd seg fort over heile Sør-Noreg sidan dei fyrst starta i Bergen i desember 2016.

Protesterer i Kristiansand

Også i Kristiansand demonstrerer dei på torget i byen i kveld

– Vi demonstrerer mot den usosiale skattlegginga av bilistane. Nok er nok. Vi meiner ringverknadene vert altfor store og ser at dette er eit fattigdomsproblem. Det er direkte samfunnsøkonomisk fiendtleg det politikarane er i gang med å vedta, seier partileiar for Demokratene i Kristiansand, Makvan Kasheikal.

I likskap med fleire andre sørlendingar er han frustrert over dei 11 nye bompengestasjonane som byvekstavtalen inneber.

Bompengedemonstrasjon Kristiansand

Flere hundre møtte opp til demonstrasjon på Torvet i Kristiansand.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Kasheikal er ein av initiativtakarane til aksjonen som går føre seg på Øvre Torg i Kristiansand i kveld. Han meiner bomstasjonane vil ramme barnefamiliar og dei svakaste i samfunnet hardast.

– Det er mange barnefamiliar som ikkje har råd til denne nye bymiljøavtala som inneber 11 nye bomstasjonar, samt ein auking på 50 prosent av takstane.

– Er det de fattige og barnefamiliane du meiner dette rammer hardast?

– Alle rammes hardt av denne type skattlegging og bompengeinnkrevjingane her i landet har tatt helt av

Fredeleg protest

I Fredrikstad er det foreløpig litt meir fredelege verkemiddel, i form av eit demonstrasjonstog. Men sinnet er like stort der skal me tru initiativtakar, Kirsti Nelvik. Ho går så langt som å samanlikne den planlagde bomringen med Berlin-muren.

Bompengeaksjonist

Kirsti Nelvik tok initiativet til protestaksjon mot bompengar i Fredrikstad. I kveld håpar ho å få med seg 200–300 personar på aksjon.

Foto: Sara Vilde Solås / NRK

– For meg blir dette som ein mur. Eg kan kome meg over til den andre sida av byen, men da må eg betale for det. Da er det jo ikkje fritt lengre, seier Nelvik.

Bomaksjon Fredrikstad

Mange mennesker møtte opp til demonsrasjonen i Fredrikstad

Foto: Rune Fredriksen / NRK

Inspirerer kvarandre

Aksjonsleiar i Drammen, Anders Lunde demonstrerte også i januar i 2017 i Drammen, da med fakkeltog. Han innrømmer at dei har blitt inspirerte av aksjonistane i Rogaland.

Jon Helgheim holder appell på Bragernes torg

Frp-politikar Jon Helgheim held appell under demonstrasjonen på Bragernes torg januar 2017.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

– Alle inspirerer kvarandre. Det ser ut til å bli berre meir og meir. Me ser jo at ein har fått gehør andre stader nå, som i Kristiansand og Sandnes, seier Lunde.

Ikkje ferdig

Rogalendingane er heller ikkje ferdig med sine protestar.

I kveld mobiliserer dei eit stille demonstrasjonstog rundt den av dei 38 bommane det har vore mest kritikk av som på folkemunne berre går under «Skammens bom».

Ein bom like ved sentrum i byen som gjer at ein må betale for å besøke pasientar på sjukehuset.