– Eg tør eigentleg nesten ikkje tenke på eit liv utan assistanse, for då stoppar alt opp.
Det seier Karianne Havsberg.
Ho kan nesten ikkje sjå eller høyre, og er i praksis døvblind. Det gjer at ho treng ekstra hjelp i kvardagen.
Sidan 2010 har ho hatt 18 timar i veka med brukarstyrt personleg assistanse (BPA), som gjer at kvardagen går rundt.
Sjokket var derfor stort då ho i januar fekk eit brev frå bydel Vestre Aker i Oslo. Der står det svart på kvitt at vedtaket om BPA-timane hennar opphøyrer 31. mai 2023.
– Først blei eg veldig sett ut. Så begynte eg å gråte. Etterpå blei eg sint, seier Karianne.
Brukte eigne argument
Før har Karianne sendt inn informasjon for å bevise at ho framleis treng BPA, og bydelen har fortsett ordninga.
Men denne gongen kom dei med eigne argument for kvifor dei meiner Karianne ikkje treng hjelp lenger.
Dei meiner mellom anna at ho:
- har budd i huset sitt så lenge at ho har blitt «godt kjent» med huset og området, og derfor kan bevege seg rundt på eiga hand
- kan bestille varer og tenester på nett eller mobil
- lett kan finne fram til eigne hyller i butikkane for spesialvarer ho treng
- kan øve seg på å bli meir sjølvstendig, fram til BPA-timane forsvinn
Karianne skjønar ingenting av dei argumenta.
– Eg skulle verkeleg ønskje at verda var så tilgjengeleg som det bydelen ser ut til å tru. Det er ingenting anna eg skulle ønske enn at eg kunne ordne alle desse tinga sjølv.
Spesielt det siste punktet sjokkerte Karianne.
– Det er det eg gjer kvar einaste dag. Det høyrest ut som at bydelen trur eg har assistanse berre fordi eg ikkje gidd å lære meg å gjere alt sjølv, seier ho med sorg i stemma.
Plutseleg snudde bydelen
Karianne fekk brevet frå bydelen 26. januar. Fem veker etter ringde dei ho, plutseleg.
Då sa dei at brevet ikkje var meint som eit vedtak, sjølv om tittelen er «Vedtak om helse- og omsorgstenester».
I staden meinte dei at det var eit varsel om ei ny vurdering, slik ho har vore gjennom før. Men Karianne vågar ikkje tru på det enno.
I mellomtida jobbar ho med ei klage.
– Eg må berre håpe at dette går i orden, og at ikkje bydelen fjernar assistansen når klagen vert behandla. Då rasar alt saman, seier ho med skjelvande stemme.
Du kan lese meir om kva bydelen seier lenger ned i saka.
Alvorleg bekymra for pasientane
Fleire andre i bydelen har òg fått eit slikt brev, og fleire har òg nedsett syn eller høyrsel.
– For nokre av dei er situasjonen svært alvorleg. For nokre vil dette gi psykisk liding. I ytste konsekvens: økt risiko for sjølvmord, seier Hege Saltnes.
Ho er psykiater og seksjonsleiar på Nasjonal behandlingsteneste for sansetap og psykisk helse (NBSPH).
I løpet av kort tid har dei blitt kontakta av fleire som har fått eit slikt brev frå bydelen. Mange av dei er livredde for å miste BPA-timane sine.
Fleire fastlegar har òg kontakta senteret, fordi dei er bekymra for pasientane sine.
Blindeforbundet reagerer
Noregs blindeforbund har òg involvert seg i saka. Dei har sett fleire av brevene og seier fleire av dei inneheld dei same formuleringane – til og med same skrivefeil.
Derfor meiner dei at bydelen ikkje har gjort individuelle vurderingar, slik lova krev.
– Når dei sender ut eit brev med same grunngjeving til fleire personar, så verkar det for meg meir som eit standardvedtak, seier forbundsleiar Terje André Olsen.
Han oppfattar brevene som eit forsøk på å kutte i utgiftene til bydelen.
– Ein kan ikkje oppfatte det som noko anna, når dei plutseleg vurderer at ein ikkje har behov og ein bruker dei same formuleringane, til og med same skrivefeil, i fleire brev.
Bydelen beklagar
– Eg har lyst til å beklage overfor dei innbyggjarane som har fått dette brevet frå oss.
Det seier Kristin Nilsen, bydelsdirektør i Vestre Aker.
Ho seier brevet ikkje var meint som noko vedtak, men berre eit varsel om at bydelen skal gå gjennom tenester på nytt.
– Me veit at ordlyden ikkje er god nok, og at det har skapa uro, seier ho.
Bydelsdirektøren understrekar òg at ingen no mister BPA-timane sine.
– Saman med innbyggjaren skal me vurdere om tenesta kan ytest på andre måtar, om det kan ytest tenester i eit anna omfang eller om vi rett og slett skal fortsette som før, seier Nilsen.
Ho lovar òg at bydelen skal sjå på korleis dei har handtert saka, og lære av det.