Hopp til innhold

Tusen kroner for g-strengtruser

G-strengmannen plagar småjenter ned i 12-års alderen. Tilbyr tusen kroner for brukte g-strengtruser.

Truse
Foto: ScanStoskPhoto

- Denne mannen må stoppast, seier lensmann Erling Arne Meek til VG Nett.

Høyr: Politiet om trusemannen

Politiet fortel til NRK at mannen bur på ein omsorgsbustad, men meiner han er strafferettsleg ansvarleg.

Så langt er mannen ifølgje VG Nett sikta for fleire titals forhold der mange av dei gjeld seksuelt krenkande åtferd, hensynslaus åtferd og brot på besøksforbod.

Fann pose med dameundertøy

Lensmann i Røyken, Erling Arne Meek fortel at mannen, som er 27 år gamal, er plagsam og trugande, særleg overfor jenter i ung alder.

- Vi har i lengre tid forsøkt å gjere det vi kan for å stoppe han, utan å ha lukkast i det, seier Meek.

Dei fem siste åra har mannen herja i fleire kommunar på Austlandet. Det ferskaste forholdet er datert 11. juli i år.

Då politiet ransaka husvære til mannen fann dei ein pose full med dameundertøy.

Fekk tilbod om tusen kroner

Ei 14 år gamal jente frå Drammensområde, som VG Nett har snakka med, fekk tilbod om tusen kroner for ei brukt g-strengtruse.

- Han sendte meg ei tekstmelding, og spurte om eg brukte g-strengtruse. Han ville kjøpe den for tusen kroner.

Mannen vil helst ha ei truse som jenta hadde bruka. Ho var ikkje eldre enn 12 år første gongen 27-åringen tok kontakt på sms.

Jenta fortel at den same mannen har teke kontakt med over tjue av venninnene hennar.

I fjor haust fekk jenta nok og tok kontakt med politiet.

Trugande og ubehageleg

Politibetjent Finn Håvard Aas ved Røyken lensmannskontor seier til NRK at saka nå er sendt over til påtalemakta i Drammen.

Han fortel at 27-åringen har ringt til unge jenter i alderen 12 år og oppover og spurt om å få kjøpe trusene deira og kome med spørsmål med seksuelt innhald.

- Jentene har opplevd dette som trugande og ubehagleg, seier Aas.

Politiet meiner mannen ikkje er farleg, og han erkjenner alle forhold som blir lagt fram for han. Og har forklart til politiet at han gjer dette fordi han ønskjer kontakt med jentene.

Bur på omsorgsbustad

- Han bur på ein omsorgsbustad og er under oppsyn av helsepersonell. Den mentale tilstanden hans er ikkje i samsvar med alderen, seier Aas.

Politiet har beslaglagt telefonen og sim-kortet, men 27-åringen klarar likevel å få tak i nye telefonar og ringer til desse jentene.

Det er jentene og foreldrene som har meldt mannen til politiet. Politiet har fått det vurdert og meiner han kan vere strafferettsleg ansvarleg for det han har gjort og har sendt saka til påtalemakta i Drammen.