Smitten av mpoxviruset (som tidlegare heitte apekoppar), har gått kraftig ned sidan utbrotet for eitt år sidan.
Men Oslo kommune trur smitten vil kunne auke litt igjen fram mot sommaren.
Derfor oppfordrar kommuneoverlegen dei som er i risikosonen til å vaksinere seg. Det er altså menn og transpersonar som har sex med menn, og som har fleire eller nye seksualpartnarar.
– Vi reknar med at smitten aukar når folk reiser meir. Men også sjølvsagt når det er fleire som er saman, som under Pride, seier Miert Skjoldborg Lindboe.
Kan takast i Oslo
Vaksinen bør takast nokre veker før ein er utsett for smitte.
– Difor er det lurt å planlegge det no, om ein har tenkt å reise rundt eller ha nye seksualpartnarar i sommar, seier Lindboe.
Vaksinen kan takast ved Nydalen vaksinesenter i Oslo. Hit kan folk frå 17 kommunar komme. Kommunane er:
- Oslo
Bærum
Drammen
Lier
Kongsvinger
Ullensaker
Ås
Nordre Follo
Nes
Nore og Uvdal
Flesberg
Rollag
Asker
Kongsberg
Øvre Eiker
Larvik
Porsgrunn
Holmestrand
Skien
Nome
Ei global helsekrise
Første gong sjukdommen blei oppdaga i Europa, var i England i mai i fjor.
Mpox har vanlegvis ikkje fotfeste i denne delen av verda, og WHO slo etter kvart alarm. Dei kalla det ei global helsekrise.
Ein månad seinare kom viruset også til Noreg.