Hopp til innhold

Høie: – Eg var ganske forbanna

Bent Høie meiner Raymond Johansen rota det til hausten 2020. I ei ny bok brettar den tidlegare helseministeren ut om konflikten med byrådsleiaren i Oslo.

Tidlegare helseminister Bent Høie.

LANGAR UT: Tidlegare helseministeren Bent Høie kritiserer byrådsleiar Raymond Johansen i ny bok.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Eg var ganske forbanna, seier tidlegare helseminister Bent Høie.

I si nye bok «Uro i koronaens tid» har Høie via eit kapittel til konflikten han hadde med byrådsleiar Raymond Johansen hausten for to år sidan.

Kapittelet har fått namnet «Hvis ikke dere gjør det, gjør jeg det». Her fortel Høie om kva som skjedde i framkant av pressekonferansen som Johansen heldt 28. september 2020.

Les også Høie ville sparke Guldvog tre dager før Norge stengte ned

0QDxPVkaoAE

Kritiserer retorikken

«Det gjør vi ikke», var ein gjengangar då Johansen denne måndagen orienterte om nye koronatiltak i Oslo. Det byrådet nekta å gjera, var å følgja Helsedirektoratets råd og innføra så strenge tiltak som helsestyresmaktene ønskte.

Høie seier til NRK at Johansen fredagen før pressekonferansen fekk tilsendt forslag til tiltak, men at Johansen ikkje ville innføra desse.

– I media byrja Raymond å argumentera for ein «venta og sjå»-haldning. Då gjekk eg ut i media søndag og sa at eg måtte vurdera å gjennomføra tiltak nasjonalt, seier Høie.

Tidlegare helseminister Bent Høie held fram ein tommestokk.

Bent Høie blei godt kjend for tommestokken sin då han var helseminister.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Den tidlegare helseministeren seier at han ikkje opplevde konflikten som positiv og at det blei dårleg mottatt av befolkninga.

– Det er viktig å ta inn over seg. Det andre er at når pressekonferansen kom, så innfører Oslo stort sett dei tiltaka som vi hadde ønskt. Det er bra, men retorikken Raymond bruker, undergrev eigentleg effekten av tiltaka, seier Høie.

Les også Raymond Johansen: – Helseministeren gikk for langt

Raymond JOhansen

Då Høie og Johansen møttest i Politisk kvarter dagen etter, fortel Høie at han valde å ikkje vidareføra konflikten sjølv om han var ganske forbanna.

– Eg måtte leggja smørsida til, seia at eg var fornøgd med tiltaka og ikkje byrja å snakka om retorikken som eg synest var frykteleg feil i ein slik situasjon, seier Høie.

– Dryg kost

– Dette er veldig dryg kost frå Høie, seier byrådsleiar Raymond Johansen.

At Høie vier delar av boka til konflikten mellom dei, tykkjer byrådsleiaren at Høie må få lov til. Samstundes er han ueinig i utsegna til den tidlegare helseministeren.

– Det viser at verda kan sjå litt forskjellig ut frå langt der oppe i Helsedepartementet, framfor å vera tett på ein by og ei befolkning som er hardast råka, seier han.

– Men denne skuldinga om at vi ikkje innførte tiltak trur eg ingen kjenner seg igjen i. Eg er overraska over det. Eg hadde eit godt samarbeid med Høie under pandemien, legg Johansen til.

Byrådsleiar Raymond Johansen.

Byrådsleiar Raymond Johansen er djupt usamd i utsegna til Bent Høie.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Raymond Johansen seier at byrådet fekk skryt etter pressekonferansen den måndagen i september.

– Då må eg stilla meg spørsmålet: Snakka han usant den måndagen då han skrytte av Oslo?

Byrådsleiaren understrekar at det er kommunane som har ansvar for smittevernlova og legitimerer «Det gjer vi ikkje»-retorikken i dette.

– Vi ville vera herre i eige hus. Ein av dei store suksessane med handteringa av pandemien var jo kommunanes ansvar. Det at vi framleis skulle ha ansvar, sjå på heilskapen og samhøvet av tiltaka er også eit krav smittevernlova stiller, seier han.

– Smitten beit seg fast

Også Raymond Johansen har i si «koronabok» via eit eige kapittel til det han meiner blei framstilt som ein «hanekamp» mellom han og Høie.

Men medan byrådsleiaren i kapittelet «Det gjør vi ikke» tonar ned konflikten med Høie, kliner Høie til mot Raymond Johansen om korleis han handterte smittesituasjonen hausten 2020.

– Raymond har utelatt ganske viktig informasjon i boka si om dette, seier Høie.

Les også Slik unnlot Raymond Johansen å følge smittevernfaglige råd i Oslo

Raymond Johansen

I boka si skriv blant anna Høie at han tykkjer Johansen engasjerer seg mykje for å få fleire vaksinar til Oslos befolkning og at han er rask med å skulda på regjeringa og importsmitten når han blir utfordra på høge smittetal i Oslo:

Hvis Johansen og byrådet hadde jobbet like hardt for å slå ned smitten da den spredte seg i byen denne høsten, hadde de også spart befolkningen for langvarige og strenge tiltak, tenker jeg i mitt stille sinn.

Pressekonferanse om koronasituasjonen. Espen Nakstad og Bent Høie.

Også assisterande helsedirektør Espen Nakstad har retta kritikk mot Raymond Johansen i samband med handteringa av pandemien.

Foto: Berit Roald / NTB

– Eg meiner at fordi han ikkje følgde faglege råd og på grunn av den retorikken han brukte, så beit smitten seg fast. Eg seier ikkje det var einaste årsaka, men at det var ein medverkande årsak til at smitten beit seg fast, seier Høie.

Johansen er djupt ueinig.

Nakstad var ute med det same i si bok, og no skriv Høie det her. Det finst ikkje noko fagleg belegg på det. Verken på bakgrunn av auka smittetal eller dei tiltaka vi innførte, seier han.