Hopp til innhold

Bekymra for «tenestepiketendensar»

Fleire utleigarar tilbyr redusert husleige mot husarbeid og barnepass, skriv Klassekampen. Avisa har funne fleire slike annonsar, der ein kan redusere leiga med opp til 6000 kroner.

Både Leieboerforeningen og Arbeidarpartiet meiner slike avtaler kan vere problematisk. Foreininga påpeikar at det fort blir eit skeivare maktforhold mellom leigebuar og utleigar. Arbeidarpartiet meiner det kan likne litt på au pair-ordninga, der leigekontraktar blir brukt for billig arbeidskraft.