Hopp til innhold

Beate oppfylte hyttedraumen for 250.000: – Du må ikkje vere rik for å ha hytte

LIER (NRK): Beate Skorstad var singel førskulelærar utan bil og førarkort, og trudde aldri ho kunne oppfylle hyttedraumen. Så fann ho ei tømmerkoie til 250.000 langt til skogs.

Beates hyttedraum

Beate Skorstad klarte å oppfylle hyttedraumen og brukar hytta midt i skogen mykje om sommaren og hausten. Den ligg så nær Oslo at ho ofte reiser berre på dagstur.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Folk var jo heilt sjokkert. Herlighet, du har jo ikkje lappen eller bil. Korleis skal du få til dette?

Beate Skorstad flirer der ho sit på plattingen utanfor den vesle hytta i skogen. Her har ho ingen naboar, det er fleire kilometer til veg og ho har verken straum eller innlagt vatn.

Innrømmer at utsikta ikkje er fin

– Det er jo ikkje akkurat fin utsikt, det er jo midt i skogen. Men det er grønt og skogens ro. Viss eg skulle hatt ei flott utsikt mot eit vatn eller noko, så måtte eg jo opp ein million. Eg vil heller ha den her til 250 000 enn ingenting.

Hytta til Beate

Det fyrste ho gjorde da ho kjøpte hytta for tre år sidan var å fikse plattingen og trappa slik at ho i det heile tatt kunne kome inn i hytta.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Eigedomsmeklar Martin Molandsveen hos Eiendomsmegler 1 på Ringerike blir overraska når han høyrer den låge prisen. Dei sel ofte hytter i skog og mark.

– Det er veldig sjeldan. Da er det ei ofte i veldig dårleg stand eller så er ikkje området så bra. Dei billegaste hyttene me har hatt ligg rundt 400-500.000, seier eigedomsmeklaren.

Har kjøpt alt brukt

For Beate var det ikkje så viktig kor hytta låg, så lenge ho kom seg ut av byen. Da ho kjøpte hytta budde ho aleine i ein 45 kvadratmeter stor blokkleilegheit midt på Grünerløkka.

Ho budde dyrt og trudde ikkje førskulelærarløna var nok til å oppfylle hyttedraumen. Finn.no blei tråla seint og tidleg og i godt over eit halvt år lyste den ganske så slitne tømmerkoia i Lierskauen mot ho.

– Ingen hadde mot til å kjøpe den. Den såg shabby ut altså. Trappa og plattingen var roten og det var eit trist syn da ein kom inn.

Beate målar hytta

Beate Skorstad kunne ingenting før ho kjøpte hytta og har prøvd seg fram både ute og inne. – Det er ikkje så farleg om det ikkje blir heilt perfekt, smiler ho.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Utan noko som helst erfaring tok Beate oppgåva på strak arm. Hytta frå 1965 var solid bygd, men trengde ein skikkeleg overhaling innandørs. Alt av møblar har Skorstad anten kjøpt, fått brukt eller arva, og ho har fått sin personlege stil utan å bruke mykje pengar.

Hyttedetalj på hytta til Beate Skorstad

Hytta er på 40 kvadratmeter og inneheld soverom, kjøken og stove. Storleiken er akkurat passe og ho har god plass til besøk, meiner ho sjølv.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Bortsett frå eit par turar opp med traktor med møblar har eg påverka miljøet i veldig liten grad vil eg seie, smiler ho.

Kjøkendetalj

For å henge opp kaffikoppane brukar ho ein kjepp ho har funne i skogen.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Kjøper flest hytter i hyttefelt

Molandsveen i Eiendomsmegler 1 ser at det er ei spesiell gruppe som er interessert i dei enkle skogshyttene.

– Det er ei spesiell kjøpegruppe med typiske markatravarar som er glad i skogen og ikkje er så oppteken av å ha bilveg heilt fram. Men i dagens marknad vil helst folk ha gode fasilitetar og ikkje måtte gå på utedo i 15 minus. Da blir det ofte hytter i hyttefelt, seier Molandsveen.

Billege hytter

Eit søk på finn viser at det er mogleg å skaffe seg hytte til same pris som Beate om ein ikkje er kresen både i Oppland, Trøndelag og Akershus.

Foto: Skjermbilde frå finn.no

Tek tog og buss til hytta

For å kome seg til hytta tek hytteeigaren på Grünerløkka fyrst toget frå Oslo til Asker, buss vidare til Lierskogen før ho må traske ein halvtimes tid til hytta.

Enkel hytte

Sofaen har Beate laga sjølv av pallar.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Det er jo ikkje nok hytter til at alle kan ha det slik som her, men for meg hadde det ikkje passa med hytte i eit hyttefelt. Det liknar for mykje på det livet ein har i byen, seier ho og legg til:

– Eg forstår godt at det er populært, men tenkjer at det ikkje verkar veldig berekraftig med all den straumen og det som krev å halde slike store hytter i gang. Alle hytter treng ikkje å vere så innmari dyre.

Vi sender fra Haglebu fjellstue i Eggedal, der hyttebygging skjer i stort tempo. Hvor går grensa mellom å tjene penger på hytteutbygging og å ødelegge naturen som alle vil nyte? Sesong 4 (11:64)

Noreg nå tar opp temaet hyttebygging og kor berekraftig det eigentleg er at «alle» skal ha hytte. Sendinga går frå Haglebu, i ein av landets største hyttekommunar, Sigdal. Sesong 4 (11:64)