Ny lavvo til barnehagen

Gårsdagens sak om lavvotjuveriet rysta skulebyråd Torger Ødegaard. No vil han kjøpe ny lavvo til Årvollskogen barnehage.

Lavvo-tyveri

Borna ved Årvollskogen barnehage var triste over tjuveriet, men kan snart glede seg over ein ny lavvo.

Tjuveriet av den splitter nye lavvoen til Årvollskogen barnehage rysta skulebyråd Torger Ødegaard.

– Eg syns det er utruleg kjipt. Det er nesten ikkje til å tru at nokon kan stele ein lavvo frå ein barnehage, seier Ødegaard.

Opnar lommeboka

Torger Ødegaard

Byråd for kunnskap og utdanning, Torger Ødegaard.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Eg har bestemt meg for at vi skal sørgje for at barnehagen får ein ny lavvo, seier Ødegaard.

Lavvoen i Lillomarka hadde plass til kring 25 born, og berre duken skal ha kosta over 17 000 kroner.

Kvar han skal finne rom i budsjettet til dette, fortel han ingenting om, men han er overbevist om at det skal la seg ordne.

Gode nyhende

Dagleg leiar i Årvollskogen barnehgane, Natalia Alfarnes, er overlukkeleg når ho høyrer planane til byråden.

– Dette er heilt fantastisk å høyre. Spesielt hyggeleg og overraskande er det at vi får det så raskt, seier ho.

Alfarnes gledar seg til å fortelje borna den gode nyhenda.

– Eg trur borna kjem til å bli veldig glad!

Kan ikkje erstatte alt

Skulebyråden gjer det likevel klart at det ikkje er slik at alle som mistar nokon kan kome til dei framover.

– Eg trur alle skjønnar at det ikkje kan fungere sånn, at dette er eit unikt tilfelle. Og eg håper jo at ikkje fleire opplever det barnehagen opplevde.

Årvollskogen barnehages lavvo er stjålet.Den splitter nye lavvoen hadde plass til ca. 25 barn og bare duken skal ha kostet over 17.000 kroner, skriver Aften
Barnehagen har hatt lavvo i skogen i mange år. Den har blitt utsatt for herværk flere ganger og ble også utsatt for tyveri i 2009

Denne saka rysta skulebyråd Torger Ødegaard.