Åtte bilar treft etter steinkasting i Drammen

Ei kvinne er send til sjukehus etter at bilen hennar fekk ein stein gjennom frontruta på E18 i Drammen. På tre timer er åtte biler treft.

Ifølgje politiet blei steinane truleg kasta frå denne brua over E18.

Politiet har i dag tidleg pågrepet ein person som ble funnen i nærleiken av gjerningsstaden. Det seier operasjosnleiar Jan Kristian Johnsrud hos politiet i Sør-Øst til NRK.

Etter at bilen til kvinna blei treft, har seks andre bilistar pluss ein lastebilførar meldt frå om at dei òg har blitt utsett for steinkasting i det same området ved Brakerøya.

Alle hendingane skjedde mellom klokka 23 søndag kveld og klokka 2 natt til måndag. Den første meldinga kom klokka 23.03, og deretter følgde to meldingar til klokka 23.08 og 23.12.

Etter det fekk politiet varsel om ytterlegare fire bilar som var trefte.

– Dette har skjedd på E18 like før Drammensbrua ved avkøyringa ved Brakerøya. Nokre av bilane har køyrt vidare og stoppa seinare. Ein bilist har kontakta Viking for hjelp, seier operasjonsleiar Jan Kristian Johnsrud i Sør-Øst politidistrikt til NTB.

Det er berre kvinna i den første bilen som har blitt skadd. Dei andre bilistane skal ikkje ha blitt fysisk skadde, men alle bilane har fått skadar. Politiet etterforskar hendingane og ser alvorleg på saka.

– Dette kunne i verste fall ha ført til at bilistane har køyrt av vegen, seier Johnsrud.

Rett etter klokka 3 natt til måndag opplyser politiet på Twitter at dei har fått beskjed om at ein lastebil òg har blitt treft av ein stein då han passerte same staden. Lastebilen fekk takluka knust.