Hopp til innhold

Stressar for å få hytta klar til påske - det kan gå gale

Tida før påske er travel for mange aktørar i bygg- og anleggsbransjen. Det kan gå på sikkerheita laus.

– Her var eg i sommar faktisk. Det var dei der som hadde det stillaset som velta, seier Tom Erik, seniorinspektør i Arbeidstilsynet, medan han peikar ut bilruta.

Saman med kollega Nils Petter er han ute i felten for å kontrollere tryggleik, arbeids- og lønsvilkår i byggjebransjen.

Dei to inspektørane ynskjer ikkje at NRK brukar etternamna deira fordi dei av og til hamnar borti alvorleg arbeidskriminalitet.

Les også Nå skal Arbeidstilsynet få ta beslag i hemmelige dokumenter

På umeld tilsyn

Arbeidarane som får besøk veit ikkje om det på førehand.

På dagens fyrste byggjeplass kjem inspektørane mellom anna over ein arbeidar utan sikring på eit hyttetak.

Dei tek bilete av arbeidaren, og måler den potensielle fallhøgda.

Seks meter. Eit fall derifrå kunne fått alvorlege konsekvensar.

Inspektør Nils Petter og seniorinspektør Tom Erik i Arbeidstilsynet

Inspektør Nils Petter og seniorinspektør Tom Erik i Arbeidstilsynet speidar etter moglege brot på arbeidsmiljølova.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Han mangla alt - var ikkje sikra i det heile tatt. Så no må dei sende meg dokumentasjon på at dei har ordna opp i dei forholda før dei får halde fram, seier Tom Erik.

Stressar før påske

Inspektørar frå Arbeidstilsynet kan stanse pågåande arbeid viss dei kjem over arbeidsforhold som utgjer fare for liv og helse.

I 2022 gjorde tilsynet over 1000 slike vedtak.

Bygningsarbeid.

Bygg og anlegg er den næringa Arbeidstilsynet har oppsøkt flest gonger dei siste fem åra.

Foto: Caroline Utti / NRK

Bygg- og anlegg er den næringa Arbeidstilsynet har oppsøkt flest gonger dei siste fem åra.

Hittil i år har dei stansa arbeid rundt 30 gonger berre i bygg- og anleggsbransjen i Agder, Vestfold og Telemark og gamle Buskerud.

– Er det høgsesong for brot no?

– Typisk i november, då vil folk ha hytta ferdig til jul. No skal hytta vera ferdig til påske. Då stressar dei litt på for å få ting ferdig, og då kan det gå litt fort i svingane.

Ein gjengangar

Usikra arbeid i høgda er blant dei mest vanlege brota i byggjebransjen, forklarar Tom Erik.

Les også Nedslående kontroll: Timelister viser at ansatte har jobbet 41 dager i strekk

Det kan til dømes handle om manglande sikring, stillas eller rekkverk, eller farlege opningar mellom etasjar.

Men det er også ein annan syndar som ofte blir gløymt;

Seniorinspektør Tom Erik i Arbeidstilsynet.

Inspektørane noterer flittig medan dei går rundt på byggjeplassane.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Armeringsjern som stikk opp frå støypte plater. Dei har det vore ein del uhell med. Dei er gjerne rundt 50-60 centimeter høge. Ramlar du på det, og treff på «rette» plassen, så kan det gje ein dødeleg skade.

Åtte dødsfall i bygg- og anleggsbransjen

I fjor registrerte Arbeidstilsynet totalt 28 dødsfall knytt til arbeidsskadar. Åtte av desse skadetilfella skjedde i bygg- og anleggsbransjen.

– Sjå her ja - ei ordentleg byggjetrapp! Det såg me ikkje tidlegare i dag, seier seniorinspektør Tom Erik.

Han klappar fornøgd på eit trappegelender hjå byggjefirmaet Røta.

Byggjeplassen til firmaet Røta på Geilo.

På denne byggjeplassen fann inspektørane lite å sette fingeren på.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Kva synest du om at Arbeidstilsynet kjem på umeld besøk?

– Dei hjelper oss å halde ting på styr. Og me er veldig opptatt av at folk skal gå heim frå jobb slik dei kom. Så slik sett er det bra at dei kjem, seier Tore Fjordheim, fagleg ansvarleg i Røta.

Inspektør Nils Petter i Arbeidstilsynet, fagleg ansvarleg Tore Fjordheim i Røta og seniorinspektør Tom Erik i Arbeidstilsynet.

Tore Fjordheim (t.h.), fagleg ansvarleg i byggjefirmaet Røta, viser inspektørane rundt på byggjeplassen.

Foto: Caroline Utti / NRK

Etter ein effektiv runde på byggjeplassen, finn seniorinspektøren lite å sette fingeren på.

– Det er litt moro å sjå slikt òg - at me berre kan gå raskt gjennom, og sjå at ting er på stell. Dei har tenkt på alle dei typiske småtinga. Dei kunne berre strøydd litt betre i bakken her, det er det einaste.

40 kroner i timen

Inspektørane kjem stadig over firma som fortener stjerne i margen. Samstundes finst det også mange som har verken tryggleik eller arbeidsvilkår på stell.

– Kva er det verste du har vore borti?

– Eg trur det var rundt 40 kroner i timen. Og plassen dei budde på såg vel meir ut som ei forlaten campingvogn som hadde stått i skogen i tre år. Det lukta ikkje godt, og såg heller ikkje godt ut.