Hopp til innhold

Alle ferieplanane til blinde Abelone (16) er avlyst: – Vanskeleg å akseptere

Noregs Blindeforbund avlyser sin årlege sommarleir for synshemma barn og unge på grunn av koronakrisa. Det avgrensar feriemoglegheitene for svaksynte og blinde som Abelone Norum Morkemo.

Abelone

Abelone Norum Morkemo har vore blind hele livet. I sommar skulle ho eigentleg på sin tiande aktivitetsleir med Blindeforbundet.

Foto: Tuva Skei Tønset / NRK

– Eg trur nok at eg kjem til å sole meg åleine på terrassen mesteparten av sommaren, seier Abelone Norum Morkemo.

16-åringen er blind, og i sommar skulle ho eigentleg på aktivitetsleir med Blindeforbundet for tiande året på rad. Det set koronakrisa no ein stoppar for.

– Eg vart ganske lei meg. Eg skjønte jo at det ville bli avlyst, men det var ganske vanskeleg å akseptere det i starten, seier Morkemo.

Leiren, som blir arrangert på Hurdal syn- og meistringssenter, er tilrettelagt slik at deltakarane kan prøve aktivitetar som elles er utfordrande.

Slike alternativ for synshemma barn og unge finst det ikkje mange av.

– Det er lettare å gjere aktivitetane på ein stad der alt er tilrettelagt og der alle er like. Vi pleier å bade, køyre tube, zipline og klatre i ein høgdebane med hinder.

Abelone

Abelone trur ho kjem til å bruke mykje tid heime på terrassen i sommar.

Foto: Tuva Skei Tønset / NRK

Kan føre til meir isolasjon

Blindeforbundet samlar barn og unge frå heile landet kvart år. Sommarleiren er årets høgdepunkt for mange svaksynte og blinde.

– Denne typen tilbod for gruppa vår finn du ikkje andre stader. Derfor er det så tungt for oss som organisasjon å måtte avlyse dette, når vi veit kor mykje det betyr for deltakarane.

Det seier generalsekretær i Blindeforbundet, Karsen Aak. Han synest det er synd at leiren i sommar ikkje blir gjennomført som planlagt.

Karsten Aak

Karsen Aak er generalsekretær i Noregs Blindeforbund.

Foto: Tuva Skei Tønset / NRK

– Når du har ein bitte liten synsrest, er du meir engsteleg for å gjere feil når du går ut. Mange har dessverre vore altfor mykje inne desse månadene. For nokon blir det ein tung sommar utan leir, seier Aak.

Konsekvensen av at ferieplanane til synshemma går i vasken, kan vere at fleire isolerer seg meir enn vanleg, fortel han.

– No jobbar vi med regionale og lokale aktivitetar som kan gjennomførast som eit lite plaster på såret, seier Aak.

Prøvar å leggje nye planar

Mora til Abelone, Rie Norum, trur aktivitetstilbod for synshemma bidreg til auka sjølvtillit, kjensle av tilhøyrsel og meistring.

– Eg synest det er veldig leitt at det ikkje blir leir i år. Eg ser at det er eit veldig løft for sjølvtilliten, og at alle føler seg like med like moglegheiter, seier Norum.

Rie Norum

Rie Norum er mamma til Abelone. Ho synest det er leitt at dotteras ferieplanar har gått i vasken.

Foto: Tuva Skei Tønset / NRK

Familien prøver no å finne alternative ferieplanar som kan bidra til at sommaren blir innhaldsrik også i år.

– Vi får sjå kva aktivitetar som opnar opp etter kvart. Vi har snakka om badeland, og at Abelone kan få vere saman med nokre av vennene sine.

Abelone har på si side alt begynt å planlegge neste års aktivitetsleir på Hurdal

– Eg og vennene mine hadde eigentleg ein plan om å vinne ein pris i talentiaden i år. Eg kjem ikkje til å gi meg før vi får gjennomført den planen, seier Morkemo.

Abelone og Rie Norum

Rie Norum og Abelone Norum Morkemo heime i huset på Slependen.

Foto: Tuva Skei Tønset / NRK