– Det blir ikkje så mykje ekstra på oss, har vel lest meg til at det blir tre tusen ekstra for familien min, seier Helge Nilsen Nørvåg på veg inn i firmabilen.
Han viser til skatteletten folk flest får i Noreg dersom statsbudsjettet som vart lagt fram i dag blir slik som regjeringa vil. Ni av ti nordmenn vil få skattelette, meiner regjeringa. I snitt får kvar av oss 1000 kroner i skattelette på inntektene våre. Men alt heng saman med alt.
– Rett å gi mindre fordelar for høgt bustadlån
Har du eit bustadlån på fire millionar kroner med ei normal marknadsrente, vil endringane i rentefrådraget over skattesetelen bety at du betalar 2000 kroner meir i året for lånet ditt.
For Oddbjørn Harstad, høyrast det berre rett og rimeleg ut.
– Eg likar at regjeringa vil ha lågare skatt for bedrifter og selskap. At det blir mindre fordelar for folk med høgt bustadlån er klokt. I Noreg sparar vi altfor mykje i bustad, i staden for å investere i bedrifter. At fordelane med å eige ein bustad nummer to blir mindre er og smart. Då blir det mindre lukrativt å kjøpe ei leilegheit for å leige ut til andre, konkluderer Harstad.
Terningkast fire
Hilde Mo er ute og luftar barna på Øren barnehage. Ho er ikkje uroa for at eit relativt høgt skattenivå i Noreg ikkje blir særleg lågare for folk flest.
– Det er heilt greitt. Då får vi det vi treng, og betaler det vi kan. Det er eigentleg ikkje viktig for meg å få så mykje lågare skatt, smiler Mo.
Og sidan Helge Nilsen Nørvåg køyrer firmabil frå entreprenørbedrifta han jobbar i til og frå jobb, er han ikkje så skremt av at pendlarane etter dette statsbudsjettet må køyre lengre før dei får att på skatten.
– Eg likar at vi gjer det vi kan for eldre og dei som treng det, og at samfunnet er trygt å leve i. Dette er eit statsbudsjett over middels. Eg gir det terningkast fire.