Hopp til innhold

– Du er falsk, herr Bye!

Først skulle eit breitt sentrum-venstresamarbeid styre Nedre Eiker. Så kom den overraskande kontrabeskjeden i helga: No skal Ap, Høgre, SV og Frp dele posisjonane i kommunen mellom seg. KrF kallar det løftebrot.

Turid Thommasen og Bent Inge Bye

Det har slett ikkje vore ein dans på roser i lokalpolitikken i Nedre Eiker dei siste åra. No skal Ap, Høgre, SV og Frp samarbeide dei neste fire åra. Det får KrF sin gruppeleiar Turid Thomassen til å kalle Aps ordførarkandidat Bent Inge Bye for falsk.

Foto: Morten Røkeberg / NRK

Så seint som i september skreiv Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre, Miljøpartiet De Grønne, og Sosialistisk Venstreparti ein samarbeidsavtale.

I helga kom ein særs uventa beskjed frå Nedre Eiker: Avtalen gjeld ikkje lenger. No skal Ap og Høgre dele ordførar og varaordførar verva mellom seg, og får støtte frå både Framstegspartiet og SV.

Det kallar gruppeleiar Turid Thommasen i KrF eit reint løftebrot.

– Vi har ein avtale kor vi har lovd veljarane å samarbeide. Vi blir lurt. Dei har dolka oss i ryggen, torar Thomassen.

Den kompliserte striden kjem ifølge KrF av usemje om å ha sams gruppemøte. Det meiner Thomassen dei fleste partia som skulle samarbeide var einige om. Venstre hadde sagt at dei ikkje ønska slike samarbeidsmøte for å bli einige om sams politikk før viktige vedtak. Ho hevdar at ho aldri fekk vite at SV ikkje ville ha slike møter.

– Det er ein kamp om posisjonar. Sjølv om Venstre var ueinige om gruppemøta, ville vi hatt fleirtal. Dette var uproblematisk. Klokka tolv søndag får eg ein epost frå Ap som at dei ikkje kjem i mål med samarbeidet med oss. Eg forstår om politikerforakta aukar når Ap gjer slike ting, seier Thomassen.

Tre versjonar av krisa

Bent Inge Bye

Kommande ordførar Bent Inge Bye meiner Arbeidarpartiet har valt dei samarbeidspartia som gir minst kostnadsdrivande politikk i kommunen. Og at samarbeidsavtalen skrive i september ikkje skape fleirtal likevel.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

Bent Inge Bye seier KrF si oppfatning av det som skjedde ikkje stemmer. Når Sosialistisk Venstreparti sa endeleg nei til sams gruppemøte, var det ikkje fleirtal i kommunestyret lenger. Han seier SV ikkje ville ha møter kor alle partia i avtalen skulle slå fast einigheit om politiske saker.

– Den avtalen vi hadde, var å finne ut av dette. Forslaget frå sentrumspartia ville kosta Nedre Eiker mykje pengar. Det har ikkje kommunen råd til. Dessutan var det slik at når SV trakk seg, ville ikkje Arbeidarpartiet lenger hatt fleirtal saman med MDG, Sp og KrF sin to representantar.

Han seier Høgre så kom på banen med ein avtale kor mellom anna privatisering av tenester i kommunen ikkje skulle skje i denne perioden.

Elly Thoresen (H)

Elly Therese Thoresen frå Høgre har vore ordførar tidlegare i Nedre Eiker. No blir ho varaordførar etter ein overraskande avtale med Ap, SV og Frp.

Foto: Mari Hvamb / NRK

– Eg skjønar at KrF reagerer, men når vi kjem til ein avtale med blant andre Høgre om politikk som ikkje vil vere så kostnadsdrivande så forstår vel alle at vi seier ja til den. Vi kunne ikkje gå for KrF sin politiske plan, seier Bye.

Turid Thomassen reagerer sterkt direkte til Ap sin ordførarkandidat Bent Inge Bye i morgonsendinga frå NRK Buskerud måndag:

– Du er falsk, her Bye. Du veit at vi ikkje visste at SV var motstandar av sams gruppemøte og ville bryte avtalen vi alle hadde. Dette har vi aldri høyrt om.

Gruppeleiar for Sosialistisk Venstreparti, Tor Orsteen seier at KrF har ei dryg fortolking av fakta i saka.

– Vi har vore særs tydelege på at vi kan bli einige om sams politikk i einskilde saker i samarbeidsmøte før vedtak, men vi har heilt klåre på at vi aldri ville ha gått med på å la fleirtalet diktere våre standpunkt i kvar einaste sak. Når Bent Inge Bye seier til oss den første samarbeidsavtalen betyr absolutt lydnad til fleirtalet, kan vi sjølvsagt ikkje godta det. Då kunne vi like godt meldt oss inn i Ap.

– Men så ender SV med å samarbeide med Ap likevel, no saman med Høgre og Frp?

– Til skilnad frå KrF så veit vi at vi er eit lite parti, og søker samarbeid for å få påverknad. No får vi og plass i formannskapet, seier Orsteen