Hopp til innhold

– Du bør byrje å kjøpe julegåvene dine no

Det står august i kalenderen, Michael Bublé og Mariah Carey ligg framleis i dvale og nissar, graut og julegåver er kanskje det siste du tenker på. Men det er nok ikkje så dumt å vie ein liten tanke til gåvene allereie no.

Julegavene på Bragernes torg i Drammen. Nå er den grønne med rødt bånd stjålet.

START NO: Det kan vera lurt å kjøpe inn dei fyrste julegåvene allereie no.

Foto: Azad Razaei / NRK

Sommaren er så vidt begynt å takke for seg, og badetøyet har ikkje rukke å tørka enno. Mest sannsynleg er du kanskje så vidt begynt å gle deg litt til hausten, men jula – den ligg framleis langt der framme i kalenderåret.

Men skal du vera litt føre var med økonomien din i år, er det akkurat jula og julegåvene du bør tenke litt på.

Magne Gundersen

Planlegg fram i tid og spreie julehandelen litt utover, er tipset til forbrukarøkonom i Sparebank 1, Magne Gundersen.

Foto: Eskild E. Fors / Eskild E. Fors

– Nokon meiner det høyrest litt ut som hysteri å skulle byrje å tenke på jula allereie no i august, seier forbrukarøkonom i Sparebank 1, Magne Gundersen.

– Det å planlegge og kanskje starte med nokre av gåvekjøpa no slik at ein får spreidd det utover månadane gir deg både betre tid og lågare utgifter i desember.

I fjor brukte kvar av oss gjennomsnittleg 12.070 kroner på julegåver ifølge Virke.

Alt er dyrare

Det siste året har prisane på både straum, drivstoff og matvarer stige. 18. august heva Noregs Bank styringsrenta frå 0,5 prosent til 1,75 prosent. Det har gjort at økonomien til mange er litt dårlegare no, enn den har vore før.

Ifølge Gundersen ser ikkje denne trenden ut til å snu med det fyrste, og då kan det vera lurt å planlegge litt fram i tid.

Han meiner at sjølv om det lønner seg å kjøpe når det er tilbod, veit ikkje me kva som kjem til å vera på sal under Black Friday.

– Så ser du noko no dei neste månadane som kan passe til partnaren din, ungane dine eller ei bestemor så kjøper du det, og så er saka ute av verda. Då spreier du og utgiftene slik at du får litt i august, noko i september, litt i oktober og november, så slepp du å få alt i desember.

Elles seier han at det kan vera lurt å ta ein prat med familien sin om å vurdere å kutte litt i gåveutgiftene i år.

– Sett eit litt lågare budsjett saman eller kjøp færre gåver. Det siste eg ynskjer er at folk skal bruke så mykje på julegåver at dei blir blakke i januar og får ein dårleg økonomisk start på 2023.

Mange startar tidleg

– Litt over halvparten av oss startar gåvehandelen vår litt uti desember. Resten startar tidlegare. Nokre i november, nokre i løpet av hausten og sommaren og så er det nokre få som spreier julegåvehandelen over heile året. Dei gjer gjerne dei fyrste gåvekjøpa sine under januarsalet.

Er du begynt å tenke på julegåvene?

Ei av dei er Marianne Jakobsen. Ho starter vanlegvis under januarsalet, men føler seg litt seint ute i år.

Mariann Jakobsen

– No starta eg i juni, men eg lager ein del ting sjølv og då vil eg vera i gong tidleg. Ellers er eg komen så langt at me har bestemt oss for kvar me skal vera i jula. Det blir på hytta ved Tyrifjorden denne gongen.

Mariann Jakobsen

Men ikkje alle er ute i like god tid som Marianne.

Mariann Jakobsen

– Finn eg noko som får meg til å tenke på nokon, så kjøper eg det gjerne til dei. Men det er ikkje sånn at eg planlegg å spreie det utover, fortel Ingunn Mørklid.

Ingunn Mørklid

– Eg lager meg ei liste,og så tek eg heile julehandelen samme dag, så eg blir ferdig med det. Det har eg gjort sidan eg flytta for meg sjølv, seier Helene Madsen.

Helene Madsen

Men kva med forbrukarøkonomen vår. Er han god på å planlegge julehandelen?

– Eg startar i desember. For mange av gåveinnkjøpa mine er sett vekk til kona mi, sidan ho er flink til å tenke på det tidlig.

– Det er eit tips til mannfolk: Spons kona med nokre kroner og la ho ta seg av gåveinnkjøpa, då blir alle nøgde, ler Gundersen.

Flere nyheter fra NRK Buskerud