40 mil for å få pass

Lensmann Anne Guri Rustgaard i Nore og Uvdal synast det er meiningslaust og særs distriktsfiendtleg dersom numedølane må reise til Gol, Notodden eller Drammen for å få pass. Det skriv avisa Hallingdølen. For dersom Kongsberg mistar utskrivinga av pass på grunn av politireforma, kan numedølane måtte køyre inntil 40 mil for å få pass.

Pass
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix