Hopp til innhold

Vil selje Kirkeristen

James Stove Lorentzen, Høgre-politikar og leiar for bystyret sitt byutviklingsutval, meiner Kirkeristen bør seljast, skriv Vårt Oslo. Dei gamle basarhallane ved Oslo Domkirke treng ei kraftig oppgradering. Berre i år bruker kommunen 23 millionar kroner på strakstiltak.

Lorentzen meiner at den rette private eigaren vil kunne ta betre vare på lokala. Akkurat no leigast dei ut til butikkar og kafédrift. Byrådet seier dei ventar på ein rapport om strakstiltaka før dei vurderer kva som skal skje vidare.