Hopp til innhold

Eksplosiv auke i cruiseskip

Sommaren 2022 har vore ein rekordsesong for cruiseskip i hovudstaden, skriv Avisa Oslo. Så langt har over 80 skip lagt til i Oslo, med over 116.000 turistar, og for heile året er det venta til saman 171 cruiseanløp, med potensielt 425.000 passasjerar.

Det er ei enorm auke frå pandemiåra, med 11 cruiseanløp i 2020 og 934 passasjerar, og 17 i 2021 med 14.146 passasjerar. Tala er også høgare samanlikna med før pandemien. I 2019 kom 123 cruiseskip med 234.000 gjester. Hovudgrunnen til auka er krigen i Ukraina og vestlege sanksjonar mot Russland, noko som gjer at skipa reiser ein annan stad enn St. Petersburg.