Hopp til innhold

Plukka opp 108 elsparkesyklar frå fjorden

Folk frå Fjord Cleanup har fått opp mykje søppel frå Oslofjorden, skriv Avisa Oslo. Hittil i år har dei plukka 10 tonn med søppel frå fjorden. Det er dobbelt så mykje som heile fjoråret. I desse 10 tonna, var det 108 elsparkesyklar.

Fjord Cleanup er frivillige som samlast ein gong i veka for å dykke etter søppel i Oslofjorden, noko dei har halde på med i seks år.