Hopp til innhold

Bruker ikkje demenslandsby

Ein demenslandsby i Bærum til 750 millionar kroner blir brukt knapt, er konklusjonen etter to år med drift, skriv Budstikka.

Landsbyen, med blant anna pub og spa-avdeling, er laga slik at folk med demens skal kunne leve normalt. Sjølv om det bur 158 bebuarar der, er dei er stort sett for sjuke til å bruke tilbodet.

I tillegg treng dei fem gonger fleire nattevakter enn dei trudde, blant anna for å følgje bebuarane rundt, slik at dei ikkje stikker av.