Hopp til innhold

Bøtelagt for ukrainske arbeidarar

Ein entreprenør er dømt til å betale 90 000 kroner for å ha tilsett to ukrainske arbeidarar utan arbeidsløyve, skriv Estate nyheter. Politiet fann uregelmessige forhold etter at dei besøkte arbeidsplassen til entreprenøren. Dei ukrainske arbeidarane rakk berre å arbeide ein dag. Entreprenørsjefen må også betale kostnaden for å ta saka for retten.