Hopp til innhold

Brann i elsparkesykkel

Naudetatane har vore ute til ein brann på eit hotell. Der viste det seg at ein sparkesykkel tok fyr og har brent. Hotellet evakuerte og gjestane som var på det aktuelle rommet kom seg ut. Ifølge politiet er det ingen personskadar.

– Ikkje lad på natta, oppfordrar Tor Audunhus, vaktkommandør i Oslo brann og redningsetat.

Det har vore fleire tilfelle der elsparkesyklar har teke fyr før.