Hopp til innhold

Nissenrevyen vart årets revy

Revyen «Familien» fekk prisen for årets revy i går kveld på Revykavalkaden på Chat Noir. Det tyder at dei får ha ei siste førestilling på Nationaltheatret i juni. «Familien» slo ut revyane frå både Foss og Elvebakken i same kategori, og tok også med seg prisane for årets skodespelar, ved Sofie Wager, og årets sketsj med «Britisk».