Hopp til innhold

Overtek militærleir frå 2. verdskrig

I dag vedtok bystyret overdraginga av Ormsund Leir frå Oslo Havn KF til Eiendoms- og Byfornyelsesetaten. Ormsund leir på Nordstrand er den einaste bevarte militære leiren bygd opp av tyskarane under 2. verdskrig rundt Oslo, og vart freda av Riksantikvaren i 2018.

Etaten overtek tomta for 24,5 millionar kroner. Fredinga sett avgrensingar for kva slags aktivitet som kan skje med bygga, men det er fleire forslag til kva området kan brukast til, inkludert tredje bustadsektor, barnehage, og omsorgssenter.