Hopp til innhold

Hemsedølane mottar lite NAV-stønad

Hemsedølane er billegast i drift for staten, av alle kommunane i Buskerud. Kvar hemsedøl fekk i 2016 i gjennomsnitt utbetalt 59.181 kroner frå NAV. Det er berre to kommunar i heile Noreg kor innbyggarane tek i mot mindre NAV-stønad. Dette ifølge Hallingdølen. I 2016 vart det utbetalt 418 milliardar kroner frå NAV til fem millionar nordmenn. Utbetalingane inkluderer alderspensjon.