NRK Meny
Normal

Får Kulturdepartementets nynorskpris

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2014 går til Ingunn Solheim.

Ingunn Solheim

​– Nynorsk er eit svært godt nyheitsspråk fordi det gjev meg enklare ord. Det er eit godt verktøy for ein tv-journalist, som må vere sparsam med orda. Då er nynorsk framifrå, seier Ingunn Solheim til NRK Nynorsk mediesenter.

Foto: Kaland, Ole / Ole Kaland, NRK

- Det offentlege ordskiftet er med på å danne grunnlaget for eit fungerande folkestyre. I jubileumsåret for Grunnlova er juryen stolt over å heidre ein nynorskbrukande journalist med ei stadig meir sentral rolle i den opplyste debatten, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Les også: - Nynorsk er framifrå når du må spare på orda

Ingunn Solheim (34) er journalist i avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyheiter.

I fjor fekk ho Kringkastingsprisen, for å mellom anna ha ein "klår uttrykksmåte som gjer henne lett å forstå for alle".

-Solid ankerfeste

- Ingunn Solheim har som programleiar med eit ledig, men trygt handgrep, losa sjåarane gjennom to val. Ho var òg eit solid ankerfeste under direktesendingane frå 22. juli-rettssaka, der ho nytta kunnskapane sine både som jurist og journalist til å gjere jusspråket forståeleg for folk flest, seier leiar for juryen, Håkon Haugsbø.

Juryen meiner Ingunn Solheim er svært stø i språket sitt, og at ho kombinerer og balanserer dialekten sin og normert nynorsk godt. Trass i at ho ofte intervjuar politikarar på direkten, er det sjeldan at bokmålsorda og byråkratspråket snik seg inn.

Juryen
Kulturdepartementet peika ut ny jury i fjor. Der er Håkon Haugsbø leiar. Han er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, og han har med seg Agnes Ravatn, forfattar og journalist i Dag og Tid, og Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten i Florø. Leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. Den oppgåva gav departementet i gåve til mediesenteret ved starten for 10 år sidan.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medier, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Vinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Markering av tvisynet
Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag 27. juni, i programposten «Medietimen» på føremiddagen. Nynorsken har vore ein viktig del av demokrati- og nasjonsbygginga i Norge, og den fyrste moderne norske journalisten var Aasmund Olavsson Vinje. Under prisutdelinga deltek sambygdingen hans, Aasmund Nordstoga, med forteljingar, songar og dikt av han som sette ord på tvisynet, ein viktig eigenskap i journalistikken.