Det er fem personar på kvart kull. Dei får eit halvår med betalt opplæring og praksis i NRK, med røynde journalistar som faglærarar og kollegaer. Haustkullet byrjar i august og er ferdige til 1.mars. Vårkullet byrjar etter nyttår og er ferdige til 1. juli.
Praktikanttida er på eit halvår. Først to månadar med innføring i språk, journalistikk, data og teknikk. Deretter to månadar i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, og dei to siste månadane i andre redaksjonar, i og utanfor NRK.
Nynorsk som mediespråk er ein viktig del av opplæringa.
- Les meir: Opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter