NRK Meny
Normal

På biltur i sommar?

Etter 21. juni er det berre i Vestfold, Akershus, Oslo, Østfold, Troms og Finnmark NRK framleis sender på FM.

Her har NRK slått av FM

NRK sender ikkje på FM i store delar av landet. 21. juni sluttar NRK å sende radio via FM i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agderfylka.

Foto: Marit Holmquist Fenne

I resten av landet kan du høyre NRKs kanalar via DAB+ eller mobil/nett når du køyrer bil.

Innomhus går det også an å lytte via TV-en. Alle NRKs radiokanalar ligg i TV-menyen.

DAB i bil

For å få DAB i bilen kan du kan enten bytte ut heile bilradioen eller installere ein adapter.

Rettleiing frå Digitalradio Norge: Jeg vil gjøre det selv

Adapterar kan enten vere integrerte (skjulte) eller monterast på dashbordet.

Sjå også adapter-tips frå sjef for radiodistribusjon i NRK, Petter Hox og Radioresepsjonen:

Hugs å aktivere funksjonen service following (automatisk frekvenskifte) når du er på langtur. Meir om service following her: DAB i bil

Oppdatere kanallista

Har ikkje radioen eller adapteren denne funksjonen, må du oppdatere kanallista manuelt for å behalde mottaket om du køyrer inn i ein ny NRK-region.

NRKs DAB-sendarnett er inndelt i regionar som bruker ulike frekvensar. Radioen "hugsar" frekvensen der du gjorde oppdateringa sist, og er stilt inn på denne heilt til du gjer ei ny oppdatering. Køyrer du over lengre avstandar, eller tek med kjøkkenradioen til hytta utan å oppdatere kanallista, kan radioen bli stille. Ei oppdatering gjer at radioen finn riktig frekvens for området.

Les også: Tips for godt mottak