NRK Meny
Normal

Får du feil variant av NRK P1?

I menyen på DAB-radioen ligg det fleire variantar av NRK P1, med ulike distriktssendingar.

NRK P1 med Telemark_illustrasjon

For å finne riktig distriktssending, må du bla eller trykke deg vidare i kanallista på radioen.

Foto: Marit Holmquist Fenne

For å finne den distriktssendinga du vil ha, må du bla (eller trykke) vidare i kanallista, til du finn den varianten av NRK P1 som også har med namnet til distriktssendinga, for eksempel «NRK P1 Østfold».

Fleire distriktssendingar i ein region
Årsaka til at det finst fleire variantar av NRK P1 i kanallista, er at NRKs DAB-nett er delt inn i regionar. For eksempel utgjer Rogaland og Agder-fylka ein region, og lyttarar i desse fylka har to variantar av NRK P1 på DAB: NRK P1 Sørlandet og NRK P1 Rogaland.

Med unntak av NRK Hedmark Oppland, som både er eitt distriktskontor og ein region, er det fleire distriktskontor innanfor kvar NRK-region. Dermed blir det også fleire variantar av NRK P1. I tillegg får nokre lyttarar inn signala frå naboregionen. For eksempel får mange lyttarar i Oslo inn signala frå Buskerud, Vestfold og Telemark (region 02), og NRK P1-variantane for desse fylka.

NRKs DAB-sendernett

Kartet viser kva fylke som utgjer ein region. Region 07 er Nord-Norge. Lyttarar her har tre variantar av NRK P1 på DAB: NRK P1 Nordland, NRK P1 Troms, og NRK P1 Finnmark. Talet i parentes viser til frekvensblokk.

Foto: NRK

«NRK P1»
Varianten som berre heiter NRK P1, utan at det står namnet til ei distriktssending bak, er laga spesielt for lytting til NRK P1 i bil og bruk av funksjonen service following.


Distriktssendinga på denne kanalen er sendinga til eitt av distriktskontora i regionen. I Møre og Romsdal og Trøndelag (som utgjer ein region), får du for eksempel sendinga til NRK Trøndelag på denne kanalen.


Har ikkje bilradioen/adapteren service following, må kanallista oppdaterast manuelt.