Det er mykje praksi og lite teori ved NRK Nynorsk mediesenter. Dei to fyrste månadane får praktikantane innføring og praksis i journalistikk, nynorsk som mediespråk, data og tekniske verktøy.
Deretter er dei to månader i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, med vekt på nett, some, radio og fjernsyn. Dei to siste månadane som nynorskpraktikantar har dei ekstern praksis i andre NRK-redaksjonar.
Nynorskpraktikantane vert tilsette i NRK for seks månader og får 16.700 kroner i brutto løn i månaden (frå hausten 2016). Men halvåret som praktikant vert ikkje rekna som tenestetid i NRK.