NRK Meny
Normal

Vil at NRK skal tillate kors og hijab

Likestillingsombodet meiner NRK bryt diskrimineringslova når nyheitsprogramleiarar ikkje kan bære religiøse symbol. NRK vil ikkje endre regelverket. –Nøytralitet er viktigast, seier programdirektør Grethe Gynnild-Johnsen.

Sunniva Ørstavik

Likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik meiner NRKs reglar for nyheitsprogramleiarar er diskriminerande, sidan dei ikkje har lov til å ha på seg religiøse symbol.

Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen / LDO/Presse

Artikkelen er flere år gammel.

«Likestillings- og diskrimineringsombudet har kommet frem til at NRK bryter
diskrimineringsloven § 6 gjennom sitt forbud mot religiøse symboler for
nyhetsprogramledere», skriv ombodet til NRK.

Fråsegna frå Likestillings- og diskrimineringsombodet

Skal klage til nemnd
Men NRK er heilt ueinig i denne konklusjonen.

- Vi kjem til å klage denne fråsegna inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda, seier direktør Gynnild-Johnsen. Ho meiner analysen frå ombodet inneber at NRK må opne opp for kva symbol som helst, og det ønskjer ho ikkje.

- Nyheitsprogramleiarane våre må stå fram som mest mogleg nøytrale. Vi vil ikkje opne for symbol eller smykke som kan flytte fokus bort frå innhaldet i nyheitene, seier ho.

Nøytral og uavhengig
Gynnild-Johnsen meiner Likestillings- og diskrimineringsombodet ikkje tek inn over seg kva redaksjonell uavhengigheit betyr, og dette peiker også NRKs advokat Ane Stokland på i brev til ombodet. Det er ho som handterer saka for NRK.

«En av pressens viktigste oppgaver i et demokratisk samfunn er å være en «offentlig vaktbikkje» og sette et kritisk søkelys på maktfaktorer i samfunnet, det være seg offentlig eller private, herunder også religiøse institusjoner.

Ikke bare må pressen opptre uavhengig, men av hensyn til pressens troverdighet må det heller ikke kunne stilles spørsmål ved pressens uavhengighet. Det er derfor helt avgjørende at NRK ikke fremstår på en måte som gjør at seerne blir usikre på om uavhengighetskravet er ivaretatt. Dette er begrunnelsen for at NRKs nyhetsprogramledere ikke tillates å bruke religiøse, politiske eller ideologiske symboler
,» skriv ho.

NRKs svar til LDO

Inngrep i pressefridommen
Ho viser også til at det vil vere eit brot med artikkel 10 om ytringsfridom i den europeiske menneskerettskonvensjonen å pålegge NRK å tillate slike symbol.

«Redaksjonelle retningslinjer som er satt for å sikre troverdighet i forhold til at pressen opptrer uavhengig er derfor av helt essensiell betydning, og kan ikke tillates inngrep i», skriv ho vidare.

Siv Kristin Sællmann

Siv Kristin Sællmann i NRK Sørlandet vart bedt om å ikkje ha på seg dette smykket når ho er nyheitsanker. Det reagerer Likestillings- og diskrimineringsombodet på.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Slik starta saka
Dette brevet var eit svar frå NRK til Likestillings- og diskrimineringsombodet etter at dei tok kontakt på eige initiativ etter den såkalla «kors-saka». Denne starta med at NRK Sørlandets Siv Kristin Sællmann vart bedt om å ikkje bruke eit smykke med kors når ho presenterer nyheiter på tv.

Les også: Likestillingsombudet: Vil ta opp korssak med NRK
LDOs første brev til NRK

NRK ved advokat Ane Stokland gjorde så greie for NRKs reglement og no har Likestillings- og diskrimineringsombodet konkludert med at reglane er i strid med diskrimineringslova. NRK vil klage på denne konklusjonen til Likestillings- og diskrimineringsnemnda innan tre veker.

Regelen om å ikkje ha på religiøse symbol eller plagg gjeld berre nyheitsprogramleiarar (når dei presenterer nyheiter på tv) og ikkje andre tilsette i NRK.