Hopp til innhold

Målprisen 2014 til NRK Super

Noregs Mållag gir Målprisen 2014 til NRK Super.

Påskemorgen 2014

På tromsødialekt: Carina Olset og Christer Johnsgård er programleiarar i Påskemorgen. Tromsø er ein av fleire stader NRK Super lagar barne-tv.

Foto: Marius Fiskum / Marius Fiskum

Målprisen vert delt ut ved opninga på landsmøtet i Noregs Mållag.

Det er Hildri Gulliksen, programredaktør i NRK Super, som tek imot prisen på vegner av NRK Super og det er Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, som deler ut prisen.

Tek språk og barn på alvor

– NRK Super får prisen fordi dei tek barn i heile landet på alvor også språkleg, gjennom systematisk satsing på språkleg variasjon, mangfald og ulike produksjonsstader. På få år er nynorskbruken meir enn dobla, seier Tennø.

- Det er veldig stas å få denne prisen. Vi har jobba bevisst for å bli betre. Målprisen heng godt saman med NRK Supers visjon om å skape ei verd kor barn veks og er viktige, seier Gulliksen.

- Språk, identitet og sjølvkjensle er knytt veldig tett saman. Alle barn i Noreg skal oppleve at NRK Super er deira univers, understrekar Gulliksen.

Ikkje noko opplagd kandidat
Tennø peikar på at ved oppstarten av NRK Super i 2008 var det ikkje nokon opplagt priskandidat å sjå i dei. Nynorskbruken var på eit lågmål, og i dei første diskusjonane tyda mykje på at endringar ville ta tid.

– Den snuoperasjonen som har skjedd, er det grunn til å applaudera – for ikkje å seia prisa, seier Tennø. Ho meiner NRK er svært viktig.

- For nynorsken, for dialektane, for samisk, ja for alle andre enn bokmålet og det sentrale austlandet, ville fjernsynstilbodet i Noreg sett heilt annleis ut utan ein allmennkringkastar som NRK. Dei mange ulike og skiftande mindretala treng NRK, som kan ta omsyn til alle i tur og orden og stå for variasjon endå om det kostar, seier Tennø.