Berre alt fast tilsette søkjarar skal gå føre dei. Den same regelen gjeld for systertiltaket NRK FleRe.
Då det vart innført tilsettingsstopp i 2008 bestemte leiinga i NRK at praktikantane frå NRK Nynorsk mediesenter og NRK FleRe skulle reknast som interne søkjarar i tre år etter avslutta program, med rett til å søkje også på faste stillingar, fordi desse opplæringane er strategiske rekrutteringstiltak i NRK.
Ordninga har vore kalla både «positiv særbehandling», «fortrinnsrett» og «prioritet», og heldt fram då tilsettingsstoppen vart oppheva i 2010. Hausten 2013 innførde NRK bemanningskontroll på nytt, og i retningslinene for den, frå 1. oktober 2013, står det:
«NRK Nynorsk mediesenter og NRK FleRE er strategiske rekrutteringstiltak fordi vi ønsker et økt antall ansatte og vikarer som snakker nynorsk eller har flerkulturell bakgrunn.
Søkere fra FleRE-prosjektet og Nynorsk mediesenter betraktes som interne søkere i tre år etter gjennomført program, og de skal gis prioritet til ansettelse i stillinger de er fullt ut kvalifisert for. Det samme gjelder for praktikantordningen i NRK Sàpmi. De same reglene for lovlig midlertidig ansettelse gjelder for disse som for andre midlertidige».