Hopp til innhold

Fortel om det nye digitale radiotilbodet

Alle som får betalingsgiro for lisensen i posten, får denne gongen også eit brev frå kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen. Her fortel han om endringa av radiotilbodet neste år.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen

«2017 blir et merkeår for norsk radio: Da slukker vi gradvis vårt FM-nett, og NRK vil utelukkende kringkaste digitalt. Digital distribusjon gjør det mulig med langt flere kanaler, og jeg gleder meg over å kunne tilby deg en stor og variert radio-meny», skriv kringkastingssjefen i brevet som følgjer med lisensgiroen.

Foto: Anders Leines / NRK

Brevet frå kringkastingssjefen handlar om sløkkinga av det riksdekkende FM-nettet neste år og NRKs digitale radiotilbod. ( Les brevet )

- Frå neste år går vi gradvis over til å berre sende radio digitalt. Det er svært viktig for NRK at publikum veit dette, seier Eriksen

Giroen for betaling av kringkastingsavgifta og brevet frå Eriksen kjem i norske postkasser dei neste dagane. Brevet er ein av mange måtar NRK og radiobransjen informerer om sløkkinga av FM-nettet på. NRK er pålagd av Stortinget å informere om teknologiskiftet. (St.melding 8, 2010–2011)

Hvordan lytte til DAB i bil


Her finn du informasjon

  • Radio.no ei samleside for all informasjon om overgangen til DAB. Her finn du mellom anna informasjon om adapter til bil, dekningskart og svar på vanlege spørsmål.
  • Spørsmål om DAB kan rettast til NRKs Publikumsservice på telefon 23 04 70 00, e-post eller facebook.

Dette er sløkkedatoane:

  • Nordland: 11. januar 2017.
  • Trøndelag, Møre og Romsdal: 8. februar 2017.
  • Telemark, Buskerud, Hedmark og Oppland: 26. april 2017.
  • Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Agder: 21. juni 2017.
  • Østfold, Vestfold, Oslo, Akershus: 20. september 2017.
  • Troms, Finnmark: 13.desember 2017.

Les også: