Enkelte bilradioar søker etter FM-signal, sjølv om radioen ikkje er stilt inn på FM. Bilradioen «leitar» spesielt etter FM-sendingar som er merka som nyheiter. Ei slik merking vil seie at programtypen (PTY-en) er «News».
Enkelte lokalradioar som sender på FM skiftar programtype (PTY) frå underhaldning til «News» kvar gong dei sender nyheiter. Dermed skiftar bilradioen over til denne stasjonen. Ved å slå av funksjonen «News» i menyen i bilradioen, unngår du at radioen skiftar til kanalen merka som dette.
Bryt andre radiostasjonar inn i sendinga?
Enkelte bilistar opplever at andre radiostasjonar bryt inn i sendinga dei lyttar til. Ved å endre innstillingane i bilradioen, kan dette unngåast.
Send e-post til
kommunikasjonsansvarleg
Marit Holmquist Fenne
kommunikasjonsansvarleg
Publisert
Artikkelen er flere år gammel.
Publisert