Alt eg ikkje minnest

Uke 38, måndag 16. september kl. 21:20 på NRK1 og i NRK TV.

Premiere på ein ny svensk dramaserie basert på bestseljarboka «Allt jag inte minns» av Jonas Hassen Khemiris.

Siham Shurafa, Armand Mirpour og Pablo Leiva Wenger spelar hovudrollene i "Alt eg ikkje minnest"
Foto: Ola Kjelbye

Ein ung mann døyr i bilulykke, og verda til mor hans rasar saman. Då ho får greie på at det kanskje ikkje var ei ulykke likevel, blir ho besett av å få greie på sanninga: Kvifor døydde den 25-årige sonen hennar? Dette leier Gunilla til dei to personane som stod Samuel nærast før han døydde. Hans beste ven Vandad, ein valdeleg smågangster med ei stor hemmelegheit, og Laide, ein framgangsrik forretningsadvokat. Då dei fortel sine to versjonar av sanninga, skjønner Gunilla at Samuel stod mellom to sterke motpolar - ein dragkamp med konsekvensar for alle innblanda

Episode 1:

Gunilla er heime i Sverige for å gravlegga sonen sin Samuel. Når politiet antydar at døden hans kan ha vore sjølvpåført, og Samuels to næraste venner ikkje dukkar opp på gravlegginga, bestemmer ho seg for å finne ut meir. Når ho vitjar Vandad i fengselet og til slutt får tak i Laide, blir det klart at det finst to versjonar av sanninga.