«Lykkeland» søkjer barneskodespelarar

«Lykkeland» sesong 2 leitar etter barneskodespelarar. Kjenner du nokon som passar til desse skildringane?

Lykkeland

Toril (Malene Wadel), Frank Lawson (Anastasios Soulis) og sonen Marius i sesong 1 av Lykkeland.

Foto: Foto_Petter Skafle Henriksen / Maipo Film/NRK

Produksjonsselskapet Maipo skal i snart i gong med å spele inn andre sesong av dramaserien «Lykkeland», etter planen til hausten. Serien handlar om oljeeventyret i Stavanger. Den første sesongen handla om åra frå 1969 til 1972, medan sesong 2 tar føre seg åra frå 1977 til 1980.

No leitar Maipo etter to born som kan spele i serien. Den eine rolla er ganske stor og den andre mindre.

Dette er borna vi leitar etter:

MARIUS, sonen til Toril Torstensen og Frank Lawson, som vart fødd i sesong 1:

  • 7-12 år, gjerne gutar som er små for alderen
  • Må snakke Stavanger-dialekt, eller frå området
  • Må vere etnisk norsk
  • Treng ikkje å ha teater- eller filmerfaring frå før

Send ein e-post med bilete og kort info om barnet til castinghaga@gmail.com, merk e-posten med MARIUS.

FRANNIE eller FREDDIE, ei jente eller ein gut som går i klassen til Marius og har amerikanske foreldre som jobbar i oljeindustrien:

  • 7-12 år
  • Kan vere jente eller gut
  • Skal ideelt sett snakke flytande amerikansk
  • Må vere etnisk norsk/europeisk då ho/han er barn av eit kvitt ektepar
  • Gjerne mørkt hår
  • Treng ikkje å ha teater- eller filmerfaring frå før

Send ein e-post med bilete og kort info om barnet til castinghaga@gmail.com, merk e-posten med FRANNIE/FREDDIE.

Dei det blir aktuelt å gå vidare med, vil seinare bli bodne om å sende inn eit videoklipp av seg sjølve.

Les meir om Lykkeland:

Lykkeland

Toril (Malene Wadel) og sonen Marius i sesong 1 av Lykkeland.

Foto: MAIPO FILM/NRK