Hopp til innhold

Spektakulære bilete av OL-giganten: – Det er feige lag

Allereie som 14-åring passerte han to meter. Nå fascinerer Victor Wembanyama (20) ei heil verd, men kor høg han faktisk er, er eit stort mysterium.

Basketball - Men's Group Phase - Group B - Japan vs France

LANG MANN: Den franske basketballspelaren Victor Wembanyama i kamp mot japanske Yuki Kawamura.

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters

Lyden av sko mot parkett knitrar i basketarenaen. Dei tynne, kvikke beina nærast sprett rundt på golvet.

Det er umogleg ikkje å legge merke til fyrtårnet på banen.

«Wemby, Wemby, Wemby», rungar ut i OL-arenaen.

Han har nettopp skåra tre poeng, og bidratt til at Frankrike skal spele OL-finale.

– Han er ein fantastisk spelar. Han gjer meir enn berre å skåre poeng, seier lagkamerat Andrew Albicy til NRK.

Victor Wembanyama og Andrew Albicy

SKILNAD: Andrew Albicy (178 centimeter) og Victor Wembanyama.

Foto: ARIS MESSINIS / AFP

Det er ulikt noko anna ein har sett før, seier Ola Djupvik.

Han er fagansvarleg for basketball i Store norske leksikon og meiner Wembanyama, eller «Wemby» som franskmennene kallar han, er ein «must watch».

– Han betyr heilt enormt mykje både på og utanfor banen. Han er ei gigantisk stjerne, seier VGs basketkommentator Magnus Barstad.

Feige lag

Wembanyama må bøye seg for ikkje å skalle hovudet i dørkarmen på veg ut av OL-arenaen. Han har nettopp jubla saman med 20.000 ville tilskodarar.

– Han er framtida til sporten, han er annleis. det er ei ære å spele på lag med han. Når eg blir gamal kan eg skryte over at eg har spelt OL-finale med ham, eg er privilegert seier Frankrike sin kaptein Nicolas Batum til NRK.

Den franske basketballspelaren Victor Wembanyama er høg - og alle blir smårollingar sammenlikna med han.

Den franske basketballspelaren Victor Wembanyama er høg - og alle blir smårollingar sammenlikna med han.

I OL-turneringa møter Wembanyama berre lågare spelarar. Mot Japan spelte han mot spelarar rundt 170 centimeter, og dei enorme forskjellane kom tydeleg fram.

Victor Wembanyama og Yuki Kawamura

HØY: Victor Wembanyama avbilda ved sida av japanske Yuki Kawamura.

Foto: Brian Snyder / Reuters
Basketball - Men's Group Phase - Group B - Japan vs France

HØGT OG LÅGT: Japanske Yuki Togashi (167 centimeter) utgjer om lag tre firedelar av Victor Wembanyama (224 centimeter).

Foto: Brian Snyder / Reuters

– Det er jo nesten to ulike sportar. Han andre kan jo nesten springe mellom beina hans, seier Barstad – og samanliknar bildet med ei scene frå teikneserien Tom & Jerry.

Det er feige lag, ja. Ein «mismatch», når ein rask lågare spelar møter ein høg spelar som er høg og tregare går det begge vegar. Den lågare spelaren er ofte rask og speler på sine eigne styrkar, seier Djupvik.

Men det er ikkje berre lengda som gjer franskmannen til eit fenomen.

Basketball - Men's Quarterfinal - France vs Canada

HERJAR: Wembanyama ragar aleine i luftrommet. Ingen andre når like høgt.

Foto: Brian Snyder / Reuters

Kor høg er han eigentleg?

Høge spelarar er ikkje noko nytt i basketsporten. Enorme Yao Ming (Kina) briljerte med dei 229 centimetrane sine tidleg på 2000-talet. LeBron James er 206 centimeter høg og har lenge vore den største stjerna i basketsporten.

– Wembanyama er ikkje ein ukomplisert stor mann. Han er ein spelar med alle ferdigheitene i tillegg, fortel VGs basketkommentator Magnus Barstad.

Barstad har sett kvart sekund av OL, der Wembanyama og Frankrike har tatt seg til finale. Han meiner den franske stjerna vil kvitte seg med stempelet som «big man», altså ein høg spelar.

I 2023 oppgav han sjølv 221 som høgde. På basketligaen NBA sine nettside er han registrert med 224 centimeter. I OL er han 222 centimeter høg.

– Han prøver, utruleg nok, å lyge ned høgda si, han har sagt sjølv at han er 218 centimeter, men når du ser han på bilete saman med andre spelarar er nok 226 centimeter meir rett, seier Barstad.

Viss han blir kvitt stempelet som «big man», får han ein litt anna rolle på banen og kan fortsette som han gjer i dag.

 Ola Djupvik

IMPONERT: Ola Djupvik, fagansvarleg for basket i Store norske leksikon.

Foto: Cecilia Hviding

Det er ein kombinasjon av utruleg fysikk og utruleg stort vengespenn. Han kan litt av alt, fortel Ola Djupvik.

Derfor blei han denne sesongen kåra til nykommaren i sesongen da han blei utnemnd til NBAs «rookie of the year».

At ein så ung spelar med unik fysikk er så allsidig er ganske spesielt. Wembanyama er så rask og mobil, fortel Djupvik.

wembanyama snører på seg sko

STORE: Wembanyama snører på seg sko i størrelse 55.

Foto: THOMAS COEX / AFP

Fransk heilt

I baskethallen peikar kameralinsene mot den store stjerna på parketten. Heilt sidan han var ung har han visst at han kjem til å bli ei basketstjerne, og førebudd seg på eit liv i den største ligaen i verda, NBA.

Som 14-åring, da han var over to meter høg, var han på prøvespel i Barcelona, men han valde å bli verande heime i trygge omgivnader.

populær

POPULÆR: Den franske giganten prydar plakatar over heile Paris.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP

Valet har gitt han ein stor fordel, meiner Barstad.

– I USA er det meir spisse olbogar der du må kjempe for kvardagen. I Frankrike har han heile tida visst at han skulle bli god, og jobba med fleksibilitet, mentalt og fysisk for eit liv som stjerne. Han verkar smart og reflektert, seier Barstad og skyt plutseleg inn.

– Fyren kan jo gå i spagaten!

Så korleis stoppar ein den høgaste spelaren til turneringa – som i tillegg har ei rekke ferdigheiter?

Veldig vanskeleg. Du kan ikkje blokkere skota hans. Det går ikkje. Han når ein plass i luftrommet som ingen andre gjer, seier Barstad.

– Men det er éin ting som fungerer. Han er tynn. Du må finne midtpartiet på kroppen hans og dytte han vekk, seier Barstad.