NRK Meny
Normal

VimpelCom blir verdas femte største

Det russiske telecomselskapet VimpelCom, der Telenor er inne på eigarsida, kjøper seg opp til å bli den femte største mobiloperatøren i verda.

Vimpelcom-reklame på en gate i Moskva.

VimpelCom blir den femte største mobiloperatøren i verda etter nytt oppkjøp.

Foto: MAXIM MARMUR / AFP

Selskapet har inngått avtale om kjøp av 100 prosent av det italienske mobil-selskapet Wind og 51,7 prosent det egyptiske mobilselskapet Orascom.

Seljar er den egyptiske milliardæren Naguib Sawiris, ein av dei rikaste i heile Midtausten.

KJøpsavatlen mellom VimpelComn og den egyptiske milliardæren vart underskriven i dag. Når avtalen er sluttført blir VImpelCom den femte største mobiloperatøren i verda, målt i talet på abonnentar.

Selskapet reknar med å få ei osetning på rundt 21,5 milliardar dollar (125 milliardar kroner).

Sawiris får kontroll med 20 pst i VimpelCom, medan Telenor sin del går frå 39,6 til 31,7 pst, melder DN.no. Frå før eig den russiske Alfa-gruppa 42,5 prosent av VimpelCom.

Den russiske næringslivsavisa Vedomosti skriv at avtalen er verd 6,4 millikardar dollar (37 milliardar kroner).

LES OGSÅ: Telenor må betale 800 millioner kroner mer i skatt

LES OGSÅ: Telenor kan bli eier i mobilselskap i Nord-Korea

LES OGSå: Har 179 millioner abonnenter

LES OGSÅ: Farimex dropper Telenor-søksmål

LES OGSÅ: Legger ned stridsøksen

LES OGSÅ: Telenor tapte ankesak i Russland

LES OGSÅ: Delseier for Telenor