Ville hindre kronprinsen å reise

Miljøvernforbundet ville hindre kronpris Haakon å dra på statsbesøk i Chile for å fremje norsk fiskeoppdrett.

Lakseoppdrett
Foto: Henning Bagger / NRK

Lakseoppdrett er den nest viktigaste næringa i Chile. Norske selskap som Marine Harvest og Cermaq er leiande på dette området.

Oppdrettsnæringa har den siste tida fått stadig sterkare kritikk, både i Chile og Noreg.

Ville stoppe kronprinsen

Kronprins Haakon står i spissen for den store norske næringsdelegasjonen som kom til Chile i går.

Før avreise sendte Miljøvernforbundet eit brev til Slottet, regjeringa og Stortinget. Der fremja dei eit krav om at deltakinga til kronprinsparet i Chile måtte avlysast.

- Norges miljøforbund vil advare kongehuset mot å drive sandpåstrøing på en miljømessig uholdbar situasjon og næring, står det i brevet.

Miljøvernforbundet meinar at oppdrettsnæringa står fram som verre enn nokon sinne. Dei meiner helse, miljø og natur er alvorleg truga av næringa.

Miljøvernarane meiner at kongehuset er med på å utvide ei næring som øydelegg livsgrunnlaget til lokale fiskarar. Forbundet hevdar at oppdrettsnæringa bryt både nasjonale og internasjonale lovar og reglar for å tilfredsstille kapitalistane sine krav.

Elendige arbeidstilhøve

Ein av dei mest røynde økonomiske kommentatorane i Chile, Raul Sohr, fortel at både chilenske og utanlandske oppdrettsselskap får sterk kritikk for å vere egoistiske og lite følsame.

- Arbeidstilhøva i oppdrettsnæringa er verkeleg ei skandale. Krava aukar om at ein må la ein større del av dei enorme overskota kome arbeidarane til gode, seier han.

Sohr understrekar at dei norske selskapa er blant dei som utmerkar seg positivt i denne bransjen. Likevel understrekar han at det er rom for store betringar også her.

Same utfordringar

Norske bedrifter har store forventingar til utviklinga i dette landet fastslår leiaren i Innovasjon Noreg i Latin-Amerika, Erik Hannisdal.

- Chile og Noreg har mykje til felles. Vi har same utfordringar når det gjeld vegbygging, ferjer, bruer og energiområde, i tillegg til i oppdrettsnæringa, seier han.

Kransenedlegging på det chilenske nasjonalmonumentet i Santiago markerte starten på det norske besøket. Den norske næringslivsdelegasjonen utgjer om lag 125 personar. Dette er den mest omfattande norske satsinga i Chile nokon gong.