NRK Meny
Normal

Vi fyller bensin som aldri før

Nordmenn fyller fleire liter enn før, trass i at drivstoffprisane aldri har vore høgare.

Illustrasjon
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Bensintørsten blir ikkje mindre sjølv om prisane stig.

HØYR: Bensinsalg og priser

Berre i mai fylte nordmenn bilane med drivstoff for over 3,1 milliardar kroner, viser ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå.

Brukar pistolane like ofte

Omsetninga på drivstoff gjekk opp med 10,2 prosent frå mai i fjor til mai i år. Ein prisauke på 9,8 prosent utgjer det meste av omsetningsveksten, men forbrukarane fyller også meir drivstoff enn tidlegare.

- Ser ein heile mai under eitt, ser vi at salet av drivstoff har auka sidan same periode i fjor, seier kommunikasjonssjef i Shell, Kim Bye Bruun.

Informasjonssjef i Statoil Knut Hansen seier at det ikkje er noko som indikerer at folk fyller mindre drivstoff. Heller ikkje Esso merkar at kundane er meir forsiktige med bensinpistolane.

- Vi har ikkje sett nokon nedgang i salet av drivstoff, sjølv om prisane har auka nokså mykje, stadfestar informasjonssjef Eirik Hauge.

LES: Vi er dyrest i Europa

- Kan droppe vegutbygging

Transportøkonomisk institutt har tidlegare rekna ut at biltrafikken i Noreg vil gå ned med 20 prosent dersom drivstoffprisane doblar seg.

Danske ekspertar meiner at ein av tre bilar forsvinn frå vegane dersom drivstoffprisane blir auka med 100 prosent. Det betyr at staten kan droppe omfattande vegutbyggingsprosjekt, hevdar dei.

LES: - Dyr bensin fjernar 1 av 3 bilar

Til no ser det ikkje ut til at folk let bilen stå meir i ro sjølv om bensinpumpene viser høgare og høgare siffer.

Null effekt av boikott

I slutten av mai opplevde Shell og Statoil boikottaksjonar. Forbrukarane vart oppfordra til å slutte å fylle bensin ved selskapa sine bensinstasjonar på grunn av dei høge drivstoffprisane.

LES: Boikotter bensinstasjoner

Statoil seier at aksjonen ikkje har verka inn på salet. Kim Bye Bruun i Shell fortel at også dei har merka fint lite til aksjonen.

- Drivstoffsalet svingar litt frå veke til veke, men det er ingen ting som tyder på at boikottaksjonen har hatt nokon effekt, seier han.

Ut i frå drivstoffsalet ved Esso, er det heller ingen ting som tyder på at bilistane har svinga utanom stasjonane til Shell og Statoil.

- Boikottaksjonane av Statoil og Shell har ikkje ført til at vi har selt merkbart meir drivstoff, seier Hauge.

LES: Har vi noe å klage over?