Hopp til innhold

Varslar streik i fleire EU-land

Fleire tusen offentleg tilsette i fleire EU-land vil streike og demonstrere mot at dei blir ramma av dei økonomiske nedskjeringane i EU.

Ein mann står streikevakt famfor finansdepartementet i Aten.

Ein mann står streikevakt famfor finansdepartementet i Aten sist fredag.

Foto: Yiorgos Karahalis / Scanpix/Reuters

Etterdønningane av finanskrisa har gjort at det er planlagt lønnskutt og nedskjeringar i offentleg sektor i mange av medlemslanda i EU. Det er varsla aksjonar i Hellas, Portugal, Irland, Nederland, Tyskland og fleire andre land, melder den danske avisa Politiken .

EU sentralt har kravd lågare offentlege lønningar i medlemslanda, men møter kraftig motbør i fagrørsla, som finn det urettferdig at offentleg tilsette må betale prisen for krisa.

- Offentleg tilsette blir tvungne til å betale for ei økomisk og finansiell krise, som er skapt av eit bankvesen ute av kontroll, seier Carola Fischbach-Pyttel, generalsekretær for Samanslutninga av europeiske fagforeiningar for offentleg tilsette.

Ho legg til at innbyggjarar over heile Europa vil få vanskar som følgje av nedskjeringar i offentleg sektor.

Organisasjonen hennar representerer åtte millionar offentleg tilsette frå over 250 fagforeningar over heile Europa.

I eit intervju med den danske avisa Politiken seier Fischbach-Pyttel at dårlegare kjøpekraft for offentleg tilsette i EU, vil føre til ei ytterlegare oppbremsing av dei eurpeiske økonomiane.

Streikeaksjonane starta i Hellas alt sist veke. Fredag var finansdepartementet stengt på grunn av at tilsette la ned arbeidet.