Generalstreiken er lagt til onsdag 19.oktober. I tillegg er det varsla ein sivil streik onsdag 5.oktober.
Både den private fagforeininga GSEE og den offentlege ADEDY mobiliserer, ifølgje nyheitsbyrået AFP.
Til saman representerer dei to samskipnadene rundt 2.5 millionar greske arbeidstakarar.
- LES OGSÅ: Kraftige protester i Thessaloniki
- LES OGSÅ: Voldelig drosjestreik i Hellas
Protest mot spareplanen
Signala kjem som ein reaksjon på dei omfattande spareplanane styresmaktene har lagt fram for å blidgjera EU og Det internasjonale pengefondet IMF.
Det er allereie vedteke kutt i pensjonar og løningane til dei tilsette i staten, innskrening av statleg sektor med 150.000 færre tilsette og nedlegging av ei rekkje statlege bedrifter, ifølgje NTB.
Hellas har nolova å framskunda nokre av dei smertefulle reformene som internasjonale kreditorar krev for å utbetala neste avdrag av redningspakken frå EU.
Risikerer konkurs
Landet har akutt behov for det neste avdraget på åtte milliardar euro. Utan redningsavdraget vil det gå tom for pengar og kan ikkje betala ut løningar eller pensjonar til statleg tilsette.
Utan hjelpa frå EU og IMF risikerer Hellas å gå konkurs i løpet av få veker. Det kan få dramatiske følgjer for resten av eurosamarbeidet
Finansminister Evangelos Venizelos skal leggja fram reformene for regjeringa i dag.