Hopp til innhold

Kutter mindre enn 1 prosent etter månader med krangling

Etter ein lang og intens debatt har politikarane i Washington no blitt einige. Resultatet? Kutt som tilsvarar mindre enn 1 prosent av den totale statsgjelda.

Debt Showdown

Det løner seg ikkje å kjøpe nye plakatar. Statsgjelda i USA aukar med 3,8 milliardar dollar per dag, og utgjer no 46 000 dollar for kvar einaste innbyggjar.

Foto: Jacquelyn Martin / Ap

Den store debatten om heving av gjeldstaket i USA ser ut til å vere over for denne gongen. Eit fleirtal av dei folkevalde i Representantanes hus i USA slutta seg måndag kveld til eit forlik om sparetiltak og ei heving av gjeldstaket.

Sparetiltaka er likevel svært ubetydelege i store biletet.

Nesten alle kutta vil bli gjort frå og med 2014, melder AP.

Kuttar ikkje i støtta til dei fattige

Kutta som er vedteke vil ikkje gå utover velferdsordningane som Medicare og Medicaid. Det som vil bli kutta før 2014 er andre utgifter innanlands. Kutta vil vere på 21 milliardar dollar i 2012, og 42 milliardar dollar i 2013.

Dette utgjer mindre enn 1 % av USA sin statsgjeld, som no ligg på over14 tusen milliardar dollar.

Vidare er det planlagt at kutta skal utgjere 75 milliardar dollar i 2015, og 156 milliardar i 2021.

Til saman vil dette innebere eit kutt på 917 milliardar dollar over ein tiårsperiode.

Mindre pengar til infrastruktur

Fleire ulike føderale program vil bli råka av budsjettkutta. Det vil blant anna bli mindre pengar til bygging av vegar. Vidare vil det bli mindre pengar til statlige tilskot til bustadar og forsking, ifølgje nyheitsbyrået AP.

I tillegg er forsvarsbudsjettet i fare for å bli kutta i den neste runden av forhandlingar. Dette skal verte avgjort i løpet av slutten av 2011.

Ingen har fått det som dei vil

På grunnlag av dei minimale kutta dei næraste åra kan ein skildre dette som ein siger for Demokratane. Dei har heile tida insistert at å kutte i budsjettet no vil vere negativt for den haltande økonomien. Republikanarane har insistert meir på større kutt i dei næraste åra.

Republikanarane vann likevel fram med tanke på skattepolitikken. Demokratane ville at skatteauke skulle gå hand i hand med utgiftskutta, men dette var det ikkje fleirtal for i Kongressen.

I forkant av avstemninga i Representantenes hus omtalte både demokratar og republikanarar forliket som eit nødvendig onde. Heller ikkje Obama virka særleg nøgd då han kommenterte forliket.

(artikkelen held fram)

US-120230157 Congress Prepares to Vote on Debt Ceiling Deal

John Boehner er speaker i Representantanes hus, og har vore svært sentral i forhandlingane om å få på plass forliket.

Foto: MARIO TAMA / Afp

– Fokuset bør vere på arbeidsløyse

Økonomiprofessor ved BI, Arne Jon Isachsen, meiner det ikkje speler så stor rolle kor store kutta i eit langt perspektiv, for dette kan bli omgjort seinare. Han meiner det viktigaste no er at økonomien kjem seg på beina igjen, og at fokuset bør vere på arbeidsløysa.

Isachsen meiner det er to grunnsyn blant økonomar om å få til dette.

  1. Dei som meiner at statleg utgiftskutt er bra. Bedriftene vil få meir pengar til å investere i arbeidsplassar, og folk vil få meir tillit til statsfinansane.
  2. Dei som meiner at kutt i statlege utgifter er farleg i nedgangstider. Dei meiner det vil føre til at etterspurnaden hos folk forsvinner, og hemmar veksten.
Professor Arne Jon Isachsen ved Handelshøyskolen BI

Arne Jon Isachsen ved BI meiner størrelsen på kutta ikkje er så viktig.

Foto: BI

Økonomiprofessoren påpekar at amerikanarane har eit anna syn på staten si rolle enn det som er vanleg i Europa.

– Eg synest det er dumt at dei ikkje kjem til å auke skattane. Utgifta til staten utgjer 24 % av BNP, medan skattane berre 14 %. Så her er det eit stort gap.

Isachsen meiner amerikanarane blant anna burde innført moms. USA er det einaste OECD-landet som ikkje har denne formen for skatt.

– Dette er eit svært politisk følsamt tema. Synet på skatt er veldig forskjellig i USA og i Noreg.

Trur du USA vil klare å betjene gjelda si?

Ja, dei har sin eigen valuta, så dei kan berre setje i gang seddelpressa. Spørsmålet er kor mykje pengane er verdt når dei gjer dette.

Stolar ikkje på statlege spådommar

Ein av kritikarane til at USA no hevar gjeldstaket er økonomen Peter Schiff. Han påpekar at ingen av kutta som er vedteke er bindande. Sidan dei største kutta skal skje mange år frå no, meiner han at nyvalde politikarar har fullt høve til å reversere kutta. Men sjølv om dei faktisk vert gjennomført, meiner han kutta er ubetydelege.

USA/ Peter Schiff of Euro Pacific Capital speaks during the Ira W. Sohn investment research conference in New York

Peter Schiff meiner staten kjem til å betale gjelda med penger dei trykker opp frå lause lufta, og at dette kan vere svært farleg for økonomien.

Foto: LUCAS JACKSON / REUTERS

– Sjølv om alle kutta vil bli gjennomført innan 2021, vil statsgjelda framleis auke med 7.100 milliardar dollar. Me har ikkje vore i nærleiken av å løyse problema våre, skriv Schiff i ein kommentar på økonominettstaden CNBC.

Schiff meiner også det er grunn til å slå tvil om måten budsjetta blir spådd langt fram i tid.

– Washington estimerte at BNP-veksten skulle vere på 4 prosent det første halvåret av 2011. Men veksten endte opp på under 1 prosent. Dersom staten klarar å bomme så kraftig på inneverande år, korleis kan me stole på spådomane dei gjer 10 år inn i framtida?

Han meiner politikarane ikkje er tøffe nok til å ta upopulære kutt, og at konsekvensen av dette kan bli massiv inflasjon grunna pengetrykking.