NRK Meny
Normal

Trening på katastrofen

Ein gong i året får dei sleppe olje på sjøen - for å finne ut korleis dei best mogeleg kan få den opp att.

Oljevernøvelse

Ein fin oljefilm legg seg på vatnet.

Foto: Eva Sleire / NRK

Friggfeltet i Nordsjøen torsdag morgon.

Etter å ha studert værvarsel og bølgehøgde i fleire dagar er det endeleg tid for årets olje på vatn-øving. NOFO, norsk oljevernforening for operatørselskap, har planlagt i fleire månader.

Over 100 mann er på havet, ombord i fem båtar.

Etter mykje venting har bølgene no roa seg og tankskipet Navion Norvegia er på veg til Friggfeltet. Planen er å trena på å overføra olje frå beredskapsskipet Havila Troll og over til eit tankskip.

- I ein reell oljevernaksjon kan fartøya våre ta opp så mykje olje og vatn at tankane blir fulle, då er det naudsynt å kunne kvitte seg med dette. Derfor har vi inngått ein avtale med reiarlaget TK, som eig Navion Norvegia, seier operasjonsdirektør i NOFO, Steinar Solvang.

Lasteslange ut fra Navion Norvegia

Lasteslangen kjem ut fra Navion Norvegia.

Foto: Eva Sleire / NRK

Tankskipet Navion Norvegia legg seg heilt opp til Havila Troll og gradvis nærmar dei to båtane seg. Til slutt er det berre 12-15 meter mellom dei to båtane, begge ligg imponerande roleg ved hjelp av satelitt-posisjonering.

Mannskapet på Navion Norvegia kastar over eit tau og kontakten er oppretta. Lasteslangen blir kveila ut frå Havila Troll, ned i sjøen og over på tankbåten.

Naudsynt med trening

Omsider vert olja, som Havila Troll samla opp under Statfjord A-utsleppet nyleg, overført til tankskipet. Men det tek mykje lenger tid enn det skal gjera. Solvang er ikkje heilt nøgd.

- Mannskapet på Navion Norvegia hadde ikkje gjort dette før og visste ikkje heilt korleis dei skulle handtera utstyret vårt. I tillegg hadde vi eit pumpeuhell ombord på Havila Troll. Dette viser at treninga er naudsynt, mannskapet på begge båtane nok lært no, seier Solvang.

Nytt utstyr

NOFO vart oppretta etter Bravo-utblåsinga i 1977.

Oljeselskapa fann ut at den beste løysinga var at alle operatørselskapa gjekk saman og danna ei oljevernforening.

Oljevernøvelse - lense
Foto: Eva Sleire / NRK

Ein gong i året har dei altså ei stor øving der dei får lov til å tømma olje på sjøen. I år har dei fått løyve til å tømma nær 100 kubikkmeter olje på sjøen, men dårleg vèr i fleire dagar har utsett øvinga.

Statens forurensnings tilsyn (SFT) stiller nemleg strenge krav til utsleppsløyvet. Signifikant bølgehøgde må ikkje vera over tre meter - og vinden ikkje over 11 knop. I tillegg kan det ikkje vera for mykje sjøfugl i området.

Først etter to dagars venting er vèret bra nok, og den første oljedråpen går på sjøen, rett i ei lense. NOFO vil testa ut ei y-forma lense med namnet Oceanbuster.

Den kan handterast av berre ein båt, noko som er ein stor fordel.

Lensene fungerer i mindre versjonar langs kysten, no vil dei finne ut om ein større versjon kan fungera på ope hav. I starten ser det bra ut, sjølv om vi ser eit blått flak bak lensa.

- Det er blueshine, det er litt lekkasje fra Oceanbuster. Det er veldig små mengder sjølv om det synes veldig godt, men det forsvinn også fort, seier Solvang.

Oljevernøvelse Leik

Fiskebåten Leik som deltek i øvelsen.

Foto: Eva Sleire / Scanpix

Blueshine er eit svært tynt oljelag, 0,1 millimeter tjukt. Men etterpå viser det seg at det ikkje berre var normal lekkasje frå lensa. Den hadde ein stor rift, noko som gjorde at all olja gjekk rett gjennom.

Men det var ikkje store mengdar, berre 15 kubikkmeter, og dermed blei laget tynt. Bak Oceanbuster-lensa går to båtar med ei gjennomprøvd ringlense, men oljefilmen er så tynn at dei får ikkje gjort meir enn å skitna til lensa.

Infraraudt kamera

Men oljeflaket gjer at dei får testa ut meir teknologi. Eit infraraudt kamera som vert plassert på taket på styrehuset. Dette er eit varmesøkande kamera som kan identifisera både olje og ikkje minst folk i sjøen og viser funna tydeleg på ein skjerm i styrehuset.

Normalt er slike kamera plassert på fly eller helikopter, denne gongen er det altså plassert på båten og kan sjå fem nautiske mil i alle retningar.

Værvarsel undre oljevernøvelse

To dager måtte de vente før været ble bra nok.

Foto: Eva Sleire / NRK

Eit funn kan plottast direkte i sjøkartet eller ein skarp lysstråle kan rettast mot funnet. Det kan også visa kvar eit oljeflak er tjukkast slik at innsatsen kan settast inn der det er mogleg å samle opp noko.

- Den største fordelen er at ein ser like godt dag og natt, uansett vær, vind og lysforhold, seier Håkon Skjelten, teknologiansvarleg i Apto Maritime, som har utvikla Securis.

Det skal svært små temperaturskildnader til for at olje kan oppdagast, og dette kan til dømes brukast ved overføring av olje frå plattform eller produksjonsskip til tankskip for å passa på at det ikkje er oljesøl, seier Skjelten, som ser for seg at deira teknologi kan ha ei viktig rolle i nordområda.

I helga vart utstyret installert på den aller første båten, på forsyningsskipet Vollstad Princess som skal jobbe for StatoilHydro.

Og Steinar Solvang i NOFO ser ikkje vekk frå at dei vil ha slikt utstyr på fleire båtar. Med utstyret ombord på båten er ein ikkje avhengig av helikopter eller fly.

Realistisk trening

Det er ikkje alt som går som det skal under øvinga. Plutselig ligg ikkje den bakerste lensa i ei fin bue lenger.

Fiskebåten Leik som dreg lensa i lag med Havila Troll har ikkje gjort dette før, og opplever at slepet ryk. Dermed må mannskapet på Havila Troll må ut i mob-båten og få tak i slepet. Dei overfører det til den andre fiskebåten som er med på øvinga og backup-lensa er på plass igjen.

Men oljefilmen som kjem gjennom den første lensa er tynn, og det dei får opp av olja er det som legg seg på lensa. Denne gongen gjekk det berre 15 kubikkmeter olje på sjøen, men det å få trent med fleire båtar, i havet og med olje er viktig, dei fleste land gjev ikkje eit slikt løyve.

- Det betyr veldig mykje for oss, det gjev oss operasjonell tryggleik og det gjev oss ein moglegheit til å testa ut nytt utstyr. Det er sånn vi utviklar oss, seier Solvang.