Hopp til innhold

Toyota stoppar produksjonen

Toyota stoppar produksjonen av bilar på alle dei tolv japanske fabrikkane til selskapet i elleve dagar i februar og mars for å redusere lagerbeholdninga.

Toyota
Foto: KAZUHIRO NOGI / AFP

Etter den kraftige salsnedgangen i USA står store mengdar uselde bilar på lager og hjå forhandlarar.

Les også: Porsche overtar Volkswagen

Berre i desember gjekk bilsalet ned med 37 prosent. Det er det kraftigaste fallet på over 25 år.

Frå før har Toyota bestemt å stoppe produksjonen i tre dagar i januar. No vert produksjonen stoppa i ytterlegare elleve dagar i februar og mars.

Det er svært sjeldan Toyota må gå så drastisk til verks. I 1993 vart produksjonen stoppa i ein dag på grunn av ein sterk yen som hemma eksporten.

Nedgangstider har ramma bilprodusentar over heile verda. Blant dei japanske konkurrentane til Toyota har både Honda og Nissan gjort det klart at dei reduserer produksjonen i 2009.