Hopp til innhold

Toyota snur til pluss

Den japanske bilprodusenten Toyota rapporterer om eit overskot på 2,2 milliardar dollar.

TOYOTA RESULTAT

Toyota håpar på ein ny start etter eit problemår med salssvikt, tilbakekallingar og søksmål.

Foto: YURIKO NAKAO / Reuters

Toyota hadde siste budsjettår eit overskot på 2,2 milliardar kroner. Dermed har selskapet snudd den negative trenden etter at dei i fjor måtte svelje eit tap på 4,4 millardar dollar.

Toyota trur framgangen vil halde fram og ventar at overskotet etter skatt vil auke til 3,3 milliardar dollar til mars neste år.

Problemår

Det globale salet gjekk ned 7,7 prosent i fjor. I tillegg har selskapet hatt store problem med fleire modellar som måtte kallast tilbake.

– Dette året har vi vore konstant årvakne på grunn av tilbakekallingskrisa, seier Toyota-president Aiko Toyoda på ei pressekonferanse i dag.

Desse tilbakekallingane har kosta selskapet 1,93 milliardar dollar, opplyser direktør Takahiko Ijichi.

Les også:

Toyota tilbakekaller 34.000 biler | Toyota tilbakekaller 436.000 biler

Frisk start

I sine forsøk på å halde oppe sitt gode namn og rykte, har den kriseråka bilprodusenten lovd å gå gjennom kontrollrutinane samtidig som dei prøver å kutte i kostnadane.

– Dette året markerer ein ny start for Toyota, og eg ønskjer å styre mot ein ny strategi som vil gi vekst, seier Toyoda.

Les også: Vekst i Toyota-salget

97 søksmål

Toyota har fått 97 søksmål retta mot seg for skader og dødsfall knytt til plutseleg aksellerasjon. I tillegg har fleire kundar kravd erstatning for tap i salsverdi for sine bilar.

Transportsjefen i USA, Ray LaHood, vil ikkje avvise at det vil komme fleire bøter til Toyota etter at dei i april godtok å betale 16,4 millionar dollar for å ha gøymt unna manglar.

Les også: – Toyota godtar millionbot